Ex nunc er eit latinsk juridisk omgrep. Det betyr ‘frå no’. Alternativet vil ofte vere ex tunc, som betyr ‘frå den gong, frå først av’.

I kontraktsrett kan ein avtale vere ugyldig. Viss avtalen er ugyldig ex nunc, så er avtalen ugyldig først når dette blir slått fast, til dømes i ein dom. Avtalen vil såleis ha rettsverknad fram til det blir slått fast at han er ugyldig.

Sjå også Ex tunc

Kjelder Egil Gulbrandsen: Juridisk leksikon, Kunnskapsforlaget, Oslo, 1984, ISBN 82-573-0241-4 Denne artikkelen bygger på «Ex tunc» frå , den 23. februar 2010.

Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Juridisk terminologi