Benbecula (skotsk-gælisk Beinn nam Fadhla) er ei øy i Ytre Hebridane vest for Skottland. I 2001 hadde øya 1249 innbyggjarar. Dei fleste av desse er katolikkar.
Geografi mini|venstre|Strand på vestkysten av Benbecula mot South Uist. Øya ligg mellom øyane North Uist og South Uist, og har vegsamband til begge to. Benbecula lufthamn på øya har dagleg flysamband til Glasgow, Stornoway og Barra.
Den største landsbyen på Benbecula er Balivanich (Baile a' Mhanaich, tyder «Munkebyen»), nordvest på øya. Det er det adminsitrative senteret for dei tre øyane. Andre landsbyar er Craigstrome i aust. I motsetnad til den frodige vestsida av øya, består austsida av lyngheier, myrer og fleire viker og fjordar. Craigstrome nær Ruabhal er det høgaste punktet på Benbecula med 124 meter over havet.
I landsbyen Lionacleit ligg den største vidaregåande skulen på Uist-øyane, samt eit symjebasseng, ein kafe, idrettsanlegg, eit lite museum og eit bibliotek. Like ved ligg Lionacleit-delen av Lews Castle College.
Creagorry ligg sør på øya, nær vegen over til South Uist. Borve Castle ligg sørvest på øya.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Benbecula» frå , den 25. februar 2010.
Bakgrunnsstoff Utforsk Benbecula Undiscovered Scotland om Benbecula
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane