Stockinish Island (skotsk-gælisk Eilean Stocainis) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg i utkanten av the Minch i Loch Stockinish, søraust for Harris. Ho er 0,49 km² stor og det høgaste punktet på øya er 44 meter over havet.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Øya er ikkje busett og vert nytta som beite.

Geografi og geologi Berggrunnen på Stockinish består av lewis-gneis.

I sørvest ligg den vesle Eilean Leasait og i sør ligg Stac nam Faoileag. Det ligg fleire grunner i sør, som stikk opp av sjøen ved lågvatn.

Vatnet Loch an t-Sàile dominerer mykje av øya. Vatnet er ei tidlegare vik som vart demd opp, truleg ei tidlegare fiskefelle som i dag vert nytta som hummarfangstplass.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stockinish Island» frå , den 3. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane