Diego Benaglio () er ein sveitsisk fotballspelar, som spelar som keeper for det tyske laget Wolfsburg og det sveitsiske landslaget.
Benaglio vart fødd i Zürich. Den første fotballklubben hans var Grasshoppers i Zürich. Som ungt talent gjekk han derfrå til Stuttgart i Tyskland. Der var han tredjekeeper, under Timo Hildebrand og Thomas Ernst i rangordninga, seinare under Hildebrand og Dirk Heinen. Han fekk ingen A-lagskampar for Stuttgart, og då Hildebrand var om lag på same alder som han, såg Benaglio inga framtid i den tyske klubben. I 2005 gjekk han difor over til CD Nacional Madeira i den portugisiske ligaen.
22. januar 2008 kunngjorde Wolfsburg at den sveitsiske landslagskeeperen hadde skrive kontrakt med dei fram til sommaren 2012. Han fekk draktnummer 1 i 2008/09-sesongen og var med på å vinna den første Bundesligatittelen til Wolfsburg nokon sinne i den sesongen. I oktober 2009 forlenga han kontrakten med Wolfsburg til 2013.
Benaglio debuterte for det sveitsiske landslaget i ein vennskapskamp mot Kina 3. juni 2006, som Sveits vann 4-1. Han var med til fotball-VM i 2006 som Sveits sin tredjekeeper, etter Pascal Zuberbühler og Fabio Coltorti. 5. februar 2008 kunngjorde den dåverande landslagssjefen Köbi Kuhn at han satsa på Benaglio som førstekeeper til fotball-EM i 2008. Han har sidan forsvart denne posisjonen.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 9. mars 2010.
Kategori:Sveitsiske fotballspelarar Kategori:Grasshoppers-spelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Madeira-spelarar Kategori:Wolfsburg-spelarar Kategori:Sveitsiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014