Robert Paul Green () er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Green spelar som keeper for West Ham United og det engelske landslaget.
Green vart fødd i Chertsey i Surrey. I ungdomsåra spelte han for Norwich City og debuterte for A-laget deira 11. april 1999 i eit lokaloppgjer heime mot Ipswich Town, som enda 0-0. Etter at Andy Marshall forlet Norwich City sommaren 2001, vart Green fast førstekeeper for laget, som spelte i den nest høgste divisjonen. I 2003/04-sesongen var han med på å vinna opprykk til Premier League for Norwich. Laget rykte ned igjen etter éin sesong, 2004/05-sesongen, i Premier League. Green heldt buret reint i 6 av dei 38 ligakampane. Etter ein ny sesong på nest høgste nivå, gjekk Green til West Ham United i august 2006, for 2 millionar pund.
Green debuterte for West Ham 22. oktober 2006, då laget tapte 1-0 borte mot Tottenham Hotspur. Han vart West Ham sin førstekeeper i løpet av sesongen. I 2007/08-sesongen vart han kåra til årets spelar for West Ham.
Landslagsspel Green debuterte for England 31. mai 2005, som innbytar i ein vennskapskamp mot Colombia i USA, der England vann 3-2. Han vart teken ut til England sin tropp til fotball-VM i 2006, men måtte seia frå seg plassen grunna ein lyskeskade. Etter dette fekk landslagskarrieren hans ein pause. Sjølv om han enkelte gonger vart teken med i landslagstroppen, spelte han ikkje for England igjen før 12. februar 2009, då han var innbytar då England tapte 0-2 mot Spania i Sevilla. 6. juni 2009 spelte han frå start for landslaget for første gong, då dei vann 4-0 borte mot Kasakhstan i ein kvalifiseringskamp til fotball-VM i 2010. Han spelte òg fleire av kvalifiseringskampane, som enda med at England kvalifiserte seg til VM. 10. oktober 2009 vart han den første engelske keeperen som nokon gong har vorte utvist i ein landskamp, då han fekk raudt kort i ein kamp mot Ukraina. Under VM i fotball 2010 vakta han målet i kampen mot USA, der ein tabbe av Green førte til at kampen enda uavgjort. Sidan fekk han sin 12. og siste landskamp på Ullevål stadion i Oslo den 26. mai 2012, ein kamp som enda med engelsk siger 1-0.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing av delar av artikkelen på engelsk wikipedia 10. mars 2010. eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Norwich-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012