Francisco Guillermo Ochoa Magaña () er ein mexicansk fotballspelar som spelar som keeper for Ajaccio i fransk Ligue 1, og for det mexicanske landslaget.

Klubbkarriere Ochoa debuterte for Club América som 18-åring, under den nederlandske trenaren Leo Beenhakker, i ein kamp mot CF Monterrey i venskapsturneringa Clausurai i 2004. Han viste fort potensialet og ferdigheitene sine, og han tok opp kampen med dåverande veterankeeper Adolfo Rios. Då 2004-sesongen starta, var det mange som spådde at Ochoa ville ta over keeperhanskane permanent, då Rios hadde lagt opp. Spådommane slo feil, og den nye trenaren Oscar Ruggeri tok med seg nye målvaktar, blant anna den argentinske stjernekeeperen Sebastian Saja og veteranen Ricardo Martinez. Dette vart eit stadig veksande problem for Ochoa, som kort tid etter hamna på benken.

Ruggeri si tid i klubben var prega av kontroversielle og meir eller mindre upopulære avgjerder, og etter berre seks kampar i førersetet fekk han sparken. Ein ny trener tok over, og Guillermo Ochoa var no for første gong fast på eit lag i medvind under den nye trenaren Mario Carrillo. Sidan trenarskiftet starta Ochoa kvar einaste kamp for América, når han ikkje var skada eller på landslagsoppdrag. Med Carrillo som trenar vann Ochoa den første tittelen sin med América, då seriegullet vart teke heim. Ochoa har fått mykje av æra for América si utrulege sigersrekkje på 28 kampar, som strekte seg over to sesongar.

Landslagskarriere Ochoa fekk landslagsdebuten i ein vennskapskamp mot Ungarn 14. desember 2005. 20 år gammal vart han kalla inn av landslagstrenaren Ricardo Lavolpe til fotball-VM i 2006 som tredjekeeper. Etter VM gjorde den nye trenaren Hugo Sánchez Ochoa til andrekeeper. Han spelte fleire av kvalifiseringskampane til Mexico til fotball-VM i 2010.

Guillermo Ochoa er frontfiguren på Nord-Amerikas versjon av EA sitt suksesspel FIFA 08.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen, med tilleggsinformasjon frå spansk wikipedia 12. mars 2010.

Ochoa, Guillermo Kategori:Ajaccio-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026