Sture Sivertsen () er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han vart verdsmeister på 10 km under VM 1993 i Falun, og var i tillegg med på å vinne stafettgull. VM-gull i stafett vann han også i dei to påfylgjande verdsmeisterskapa, Thunder Bay 1995 og Trondheim 1997. Under Nagano 1998 vart han olympiameister, også då på det norske stafettlaget. Fire år tidlegare, under OL 1994 på Lillehammer vann Noreg sølv på stafetten. I alle meisterskapa frå 1993 til –98 gjekk Sivertsen opningsetappen for Noreg. Under OL på Lillehammer tok han bronse på 50 km, i fylgje han sjølv hans beste OL-minne. Sesongane 1993 og 1994 var hans klart beste. Han tevla for Leirådal IF. Sivertsen vart fødd i Levanger, men bur i dag i Verdal.
Sivertsen debuterte i verdscupen i 1990 i Örnsköldsvik, der vart nummer åtte. Hans første pallplassering i verdscupen kom i Oslo i 1991 med tredjeplass på 50 km. VM-sigeren i 1993 var elles hans einaste siger i verdscupen. Siste pallplasseringa hans i verdscupen kom i Falun i 1994. Pallplasseringane hans i verdscupen er høvesvis 1 siger, 2 andreplassar og 6 tredjeplassar.
Noregsmeister vart Sivertsen tre gongar (1994, 1997, 1998). Frå NM fekk han elles med ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1990: Nr 8 på 30 km i Örnsköldsvik 1991: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen, nr 7 på 30 km i VM i Val di Fiemme 1992: Nr 5 på 50 km på Vang 1993: Gullmedalje 10 km og i 4x10 km stafett i VM i Falun 1994: Bronsemedalje på 50 km og sølvmedalje på stafetten i OL på Lillehammer 1995: Gull på stafetten, nr 9 på 10 km VM i Thunder Bay 1995/6: Nr 6 på 10 km i Santa Caterina 1997: Gull på stafetten, nr 5 på både 10 km og 50 km under VM i Trondheim. Nr 2 på 15 km i Falun 1997/8: Gull på stafetten, nr 9 på 10 km under OL i Nagano. Nr 2 på 10 km i Val di Fiemme 1999: Nr 12 på 15 km i verdscupen i Nove Mesto
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1988: Nr 12 på 50 km på Vang Ski-NM 1991: Nr 5 på 30 km i Misvær Ski-NM 1992: Nr 6 på 30 km i Trondheim Ski-NM 1993: Sølvmedalje på 30 km på Lillehammer Ski-NM 1994: Gullmedalje på 10 km i Vegårshei og sølvmedalje på jaktstarten Ski-NM 1995: Bronsemedalje på både 10 km og 30 km i Oslo Ski-NM 1996: Bronsemedalje på jaktstarten, og nr 5 på 10 km og 30 km i Stryn Ski-NM 1997: Gullmedalje på 10 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Gullmedalje på 30 km i Berkåk Ski-NM 1999: Nr 9 på 50 km i Høylandet
Sivertsen la opp etter 1999-sesongen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sture Sivertsen» frå , den 15. mai 2013.
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Sture Sivertsen i fis-ski.com Sture Sivertsen i olympedia.org
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1991 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Folk frå Verdal