Boubacar «Copa» Barry () er ein ivoriansk fotballspelar som spelar som keeper for Lokeren i den belgiske fotballigaen, og for landslaget til Elfenbeinskysten. I Belgia spelar han under namnet «Copa», men for Elfenbeinskysten sitt landslag nyttar han det eigentlege namnet sitt, «Boubacar Barry».

Barry er av guineansk opphav. Bestefaren hans, Thierno Barry, spelte for Guinea sitt fotballandslag og Olympique de Marseille.

Han var med i Elfenbeinskysten sin tropp til fotball-VM i 2006, der han spelte den siste gruppekampen mot Serbia og Montenegro, som Elfenbeinskysten vann 3-2.

Kjelder Denne artikkelen begynte med stoff frå fransk og engelsk wikipedia 14. mars 2010.

Barry, Boubacar Kategori:Rennes-spelarar Kategori:Beveren-spelarar Kategori:Lokeren-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014