Øyvind Skaanes () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Trondheim som representerte Strindheim IL. I VM 1991 i Val di Fiemme vann han saman med Terje Langli, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie gull på 4 x 10 km stafett. Han vart noregsmeister på 50 km i 1990. I tillegg har han ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregsmeisterskap.
Karriere Skaanes debuterte i verdscupen i desember 1989 i US-Amerika med ein 13. plass. Hans beste individuelle resultat i verdscupen er to sjetteplassar. Fyrste gongen på 15 km i Trondheim i mars 1990, siste gongen på 30 km i Oberstdorf i desember 1996 (der det var sju norske løparar mellom dei åtte fremste på resultatlista).
Skaanes gjekk mange gode renn allereie i junioralderen. Sitt store gjennombrot fekk han i 1990-sesongen, då han vann sitt einaste noregsmeisterskap som senior. På NM-femmila på Gjøvik slo han sølvmedaljevinnaren Tor Håkon Holte med over tre minuttar. Året etter gjekk Skaanes sitt livs løp då han under Ski-VM 1991 gjekk fyrsteetappen på Noregs lag på 4 x 10 km stafett. Han rykte frå konkurrentane allereie tidleg på etappen og gav Noreg eit stort forsprang. I realiteten avgjorde han tevlinga. Dei neste fire sesongane var han langt unna internasjonalt nivå, og vart heller ikkje sidan så god som han hadde vore i 1990 og -91.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1990: Nr 6 på 15 km i Trondheim 1991: Nr 10 på 50 km i Holmenkollen, nr 15 på 30 km i VM i Val di Fiemme 1992: Nr 34 på 15 km i Lahti 1993: Nr 18 på 15 km i Ulrichen 1994: Nr 38 på 50 km i Holmenkollen 1995: Nr 50 på 50 km i Holmenkollen 1996: Nr 20 på 50 km i Holmenkollen 1996/7: Nr 6 på 30 km i Oberstdorf 1997/8: Nr 10 på 10 km på Beitostølen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1989: Nr 9 på 15 km på Geilo Ski-NM 1990: Gullmedalje på 50 km på Gjøvik Ski-NM 1991: Bronsemedalje på 15 km i Misvær Ski-NM 1992: Nr 6 på jaktstarten i Trondheim Ski-NM 1993: Nr 11 på 10 km på Lillehammer Ski-NM 1994: Nr 8 på 30 km i Vegårshei 1995: - Ski-NM 1996: Nr 10 på 50 km i Stryn Ski-NM 1997: Sølvmedalje på 10 km i Mo i Rana 1998: - Ski-NM 1999: Nr 9 på 10 km i Skrautvål
Skaanes la opp etter 1999-sesongen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Denne artikkelen bygger på «Øyvind Skaanes» frå , den 15. mai 2013.
Bakgrunnsstoff Øyvind Skaanes i fis-ski.com
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Trondheim