Maicon Douglas Sisenando () er ein brasiliansk fotballspelar som har spela som høgreback for Roma i italiensk Serie A, og for landslaget til Brasil. Han vart seriemeister i Brasil med Cruzeiro i 2003 og i Italia med Inter i 2006/07-, 2007/08-, 2008/09- og 2009/10-sesongen. Han vann den europeiske meisterligaen med Inter i 2009/10-sesongen og VM for klubblag med Inter i 2010. Med Brasil sitt landslag vann han Confederations Cup, også kjent som prøve-VM i 2005 og 2009.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014