GB-virus C (GBV-C) har av historiske årsaker òg vorte omtala som hepatitt G-virus (HGV) av di det fyrst var mistanke om at det var årsak til virushepatitt. I samsvar med resultat frå seinare forsking vil ein no heller nytta omgrepet GBV-C.

Historikk I Chicago fekk året 1966 ein kirurg med initialane GB ein virushepatitt. Marmosetapar, som vart inokulerte med akuttserum frå denne kirurgen, fekk laboratoriekjemisk og histologisk dokumentert hepatitt. Ytterlegare overføringar til marmosetapar gav både akutt og kronisk hepatitt. Det kunne den gongen ikkje avgjerast om det hepatittframkallande virus hos marmosetapane verkeleg stamma frå pasienten GB eller om det var tale om eit apevirus. Forsøket låg difor bortgløymt i mange år.Deinhardt F, Holmes AW, Capps RB, Popper H (1967) «Studies on the transmission of human viral hepatitis to marmoset monkeys. 1. Transmission of disease, serial passages, and description of liver lesions» - J Exp Med., vol. 125, nr. 4, s. 673-688. PMID: 4960092. (pdf)

Med nytilkomne, molekylærbiologiske metodar klarte vitskapsmenn ved eit laboratoriemedisinsk firma 25 år seinare å identifisere to nye virustypar i frosne sera frå desse inokulerte marmosetapane. Dei to påviste virustypane vart kalla GBV-A (GB-virus A) og GBV-B (GB-virus B). Båe virustypane kunne replikerast i marmosetapar, men berre GBV-B gav hepatitt. Korkje GBV-A eller GBV-B kunne påvisast hjå menneske. I staden fann forskarar ved same medisinske firma eit liknande, humant virus som vart kalla GBV-C (GB-virus C).Reshetnyak VI, Karlovich TI, Ilchenko LU (2008) «Hepatitis G virus» - World J Gastroenterol., vol. 14, nr. 30, s. 4725-4734. PMID: 18720531. (pdf) Stutt tid etter kunne andre forskarar melda frå om at dei hadde påvist eit nytt virus hjå 2 pasientar med ein uforklarleg hepatitt. Dette agens vart kalla hepatitt G-virus (HGV). Av di genomet hjå GBV-C og HGV er identiske til meir enn 95%, er det her tale om to isolat av same virus.Kekulé AS, Frösner GG (1997) «Molekularbiologie und Pathogenese des Hepatitis-G-Virus» - Deutsches Ärzteblatt, vol. 94, nr. 31-32, s. A2064-A2068. Forsgren M (2009) «Tidigare hepatit G virus omdöpt till GBV-C: oskyldigt mor-barn överfört passagevirus?» - INFPREG.

Virus GBV-C har kappe og høyrer heime i familien Flaviviridae. Med ein homologi på 29% liknar det fylogenetisk mest på hepatitt C-virus (HCV). Enda om GBV-C har mindre variasjonar enn HCV, ser også GBV-C ut til å ha fleire genotypar med ulik geografisk førekomst.Muerhoff AS, Dawson GJ, Desai SM (2006) «A previously unrecognized sixth genotype of GB virus C revealed by analysis of 5'-untranslated region sequences» - J Med Virol., vol. 78, nr. 1, s. 105-111. PMID: 16299729. (pdf)Viazov S, Riffelmann M, Khoudyakov Y, Fields H,Varenholz C, Roggendorf M (1997) «Genetic heterogeneity of hepatitis G virus isolates from different parts of the world» - J Gen Virol., vol. 78, (Pt 3), s. 577-581. PMID: 9049408. (pdf) Genomet har berre ein streng som er oppbygd på liknande vis som HCV-RNA. Hjå GBV-C kodar dette for 2 strukturelle kappeprotein (E1 og E2) og 5 ikkje strukturelle protein (NS2, NS3, NS4b, NS5a og NS5b).Pessoa MG, Terrault NA, Detmer J, Kolberg J, Collins M, Hassoba HM, Wright TL (1998) «Quantitation of hepatitis G and C viruses in the liver: evidence that hepatitis G virus is not hepatotropic» - Hepatology, vol. 27, nr. 3, s. 877-880. PMID: 9500722. (pdf) Som hjå dei fleste kjende Flaviviridae er det framfor alt strukturproteina som er immunogene. I motsetnad til HCV har GBV-C ingen core-region. Utan koinfeksjon med HIV replikerast virus truleg fyrst og fremst i hematopoietiske celler, kan henda i vaskulære endoteleller med.Handa A, Brown KE (2000) «GB virus C/hepatitis G virus replicates in human haematopoietic cells and vascular endothelial cells» - J Gen Virol., vol. 81 (Pt10), s.2461-2469. PMID: 10993934. (pdf)

Diagnostikk Diagnostikk av pågåande infeksjon er grunna på påvising av virusspesifikt RNA med hjelp av amplifiseringsteknikk (PCR - polymerase chain reaction). På grunn av ein viss variasjon mellom ulike subtypar nyttar ein då helst startsekvensar frå ulike luter av genomet. Pasientane er som oftast viremiske i fleire månader til år. Immunserologiske testar (ELISA – enzyme immunosorbent assay) brukar E2-protein som antigen. Viremiske pasientar har som oftast negative antikroppstestar, medan berre 5% av sera med påviselege antikroppar (anti-E2) inneheld virus. Soleis kan anti-E2 nyttast som markør for gjennomgått infeksjon. Anti-E2 er påviseleg i mange år og vernar truleg mot ny infeksjon. Seroprevalensen aukar med stigande alder.Hwang SJ, Lu RH, Chan CY, Chang FY, Lee SD (1999) «Detection of antibodies to E2-protein of GB virus-C/hepatitis G virus in patients with acute posttransfusion hepatitis» - J Med Virol., vol. 57, nr. 1, s. 85-89. PMID: 9890427 (samandrag)Wachtler M, Hofmann A, Müller G, Frösner G, Nitschko H, Karwat M, Knetsch I, Emminger C, Eichenlaub D (2000) «Prevalence of GB virus C/hepatitis G virus RNA and anti-E2 glycoprotein antibodies in homosexual men with HIV coinfection» - Infection, vol. 28, nr. 5, s. 297-300. PMID: 11073136 (samandrag).Rey D, Vidinic-Moularde J, Meyer P, Schmitt C, Fritsch S, Lang JM, Stoll-Keller F (2000) «High prevalence of GB virus C/hepatitis G virus RNA and antibodies in patients infected with human immunodeficiency virus type 1» - Eur J Clin Microbiol Infect Dis., vol. 19, nr. 9, s. 721-724. PMID: 11057510 (samandrag).

Epidemiologi Infeksjonar med GBV-C er vanlege over heile verda. Ein metaanalyse av mange undersøkingar med til saman fleire tusen blodgjevarar synte at 4,8% var viremiske. Med 17,2% hadde afrikanarar dei høgaste prevalenstala. I skandinaviske undersøkingar låg prevalenstala for viremi hjå blodgjevarar på mellom 2,5 og 3,5%. Dermed er kronisk infeksjon med GBV-C vanlegare enn infeksjon med hepatitt B-virus (HBV) eller hepatitt C-virus (HCV).Wiwanitkit V (2005) «Hepatitis G virus RNA positivity among the voluntary blood donors: a summary» - Ann Hepatol., vol. 4, nr. 1, s. 43-46. PMID: 15798660 (samandrag).Nordbø SA, Krokstad S, Winge P, Skjeldestad FE, Dalen AB (2000) «Prevalence of GB virus C (also called hepatitis G virus) markers in Norwegian blood donors» - J Clin Microbiol., vol. 38, nr. 7, s. 2584-2590. PMID: 10878048. (pdf)Björkman P, Sundström G, Widell A (1998) «Hepatitis C virus and GB virus C/hepatitis G virus viremia in Swedish blood donors with different alanine aminotransferase levels» - Transfusion, vol. 38, nr. 4, s. 378-384. PMID: 9595021 (samandrag). GBV-C vert fyrst og fremst overført parenteralt. Ved infeksjon med HBV eller HCV aukar risken for koinfeksjon med GBV-C. Også hemodialysepasientar og personar som har fått mange blodtransfusjonar eller blodprodukt har større risk.Alter HJ, Nakatsuji Y, Melpolder J, Wages J, Wesley R, Shih JW, Kim JP (1997) «The incidence of transfusion-associated hepatitis G virus infection and its relation to liver disease» - N Engl J Med., vol. 336, nr. 11, s. 747-754. PMID: 9052652. Masuko K, Mitsui T, Iwano K, Yamazaki C, Okuda K, Meguro T, Murayama N, Inoue T, Tsuda F, Okamoto H, Miyakawa Y, Mayumi M (1996) «Infection with hepatitis GB virus C in patients on maintenance hemodialysis» - N Engl J Med., vol. 334, nr. 23, s. 1485-1490. PMID: 8618602. GBV-C kan overførast både seksuelt og vertikalt. Risken for vertikal overføring av GBV-C ser ut til å vera 20 – 30 gonger større enn for HCV. I land med høg seroprevalens for HBV og HCV finn ein og høge prevalenstal for GBV-C-RNA.Lefrère JJ, Roudot-Thoraval F, Morand-Joubert L, Brossard Y, Parnet-Mathieu F, Mariotti M, Agis F, Rouet G, Lerable J, Lefèvre G, Girot R, Loisseau P (1999) «Prevalence of GB virus type C/hepatitis G virus RNA and of anti-E2 in individuals at high or low risk for blood-borne or sexually transmitted viruses: evidence of sexual and parenteral transmission» - Transfusion, vol. 39, nr. 1, s. 83-94. PMID: 9920171 (samandrag).Wejstål R, Månson AS, Widell A, Norkrans G (1999) «Perinatal transmission of hepatitis G virus (GB virus type C) and hepatitis C virus infections - a comparison» - Clin Infect Dis., vol. 28, nr. 4, s. 816-821. PMID: 10825044. (pdf)

Antikroppar mot GBV-C er enda vanlegare enn viremi. Hjå blodgjevarar er prevalenstala for anti-E2 fleire gonger høgare enn for GBV-C-RNA.Grabarczyk P, Brojer E, Windyga J, Lopaciuk S, Klukowska A, Mikulska M (2006) «GBV-C/HGV and TTV infection markers in Polish blood donors and haemophilia patients» - Przegl Epidemiol., vol. 60, nr. 3, s. 581-588. PMID: 17249183 (samandrag).Bouchardeau F, Laperche S, Pillonel J, Elghouzzi MH, Maisonneuve P, Tirtaine C, Boiret E, Razer A, Girault A, Beaulieu MJ, Couroucé AM (2000) «GB virus type C/HGV markers in HCV RNA-positive French blood donors: correlation with HCV genotypes and risk factors» - Transfusion, vol. 40, nr. 7, s. 875-878. PMID: 10924619 (samandrag).

Klinisk sjukdom Rett nok har det kome rapportar om GBV-C som einsamt agens i sera hjå pasientar med akutt og til og med fulminant hepatitt utan nokre haldepunkt for hepatittformene A til E,Sheng L, Soumillion A, Beckers N, Wu CG, Verslype C, Nevens F, Pirenne J, Aerts R, Kosala H, Fevery J, Yap SH (1998) «Hepatitis G virus infection in acute fulminant hepatitis: prevalence of HGV infection and sequence analysis of a specific viral strain» - J Viral Hepat., vol. 5, nr. 5, s. 301-306. PMID: 9795913 (samandrag). men dei få hepatittilfella med GBV-C som einaste påviseleg agens har som oftast synt eit skiftande og ukarakteristisk histologisk bilete.

Fleire fakta kan tala imot at GBV-C skulle vera årsak til klinisk hepatitt:

A. Blodgjevarar med og utan GBV-C-RNA syner ingen signifikant skilnad når det gjeld transaminaseverde. Det er vanleg med viremi og enda vanlegare med antikroppar (som teikn på gjennomgått infeksjon) utan kliniske eller laboratoriemedisinske teikn til sjukdom.Kobayashi T, Ishii M, Niitsuma H, Kikuchi K, Suzuki C, Gama H, Kobayashi K, Ueno Y, Toyota T (1997) «Genoepidemiology and pathogenicity of hepatitis G virus in Japan» - Tohoku J Exp Med., vol. 183, nr. 2, s. 101-112. PMID: 9526801. (pdf)

B. Korkje klinikk, laboratorieverde eller histologi syner nokon skilnad om pasientar med HBV- og/eller HCV-infeksjon samstundes er infiserte med GBV-C, og ved kronisk HCV-infeksjon gjer ein koinfeksjon med GBV-C korkje prognosen eller svaret på interferonbehandling dårlegare.Alter MJ, Gallagher M, Morris TT, Moyer LA, Meeks EL, Krawczynski K, Kim JP, Margolis HS (1997) «Acute non-A-E hepatitis in the United States and the role of hepatitis G virus infection. Sentinel Counties Viral Hepatitis Study Team» - N Engl J Med., vol. 336, nr. 11, s. 741-746. PMID: 9052651. Romanŏ L, Fabris P, Tanzi E, Tositti G, Mazzotta F, Zanetti AR (2000) «GBV-C/hepatitis G virus in acute nonA-E hepatitis and in acute hepatitis of defined aetiology in Italy» - J Med Virol., vol. 61, nr. 1, s. 59-64. PMID: 10745233 (samandrag).

C. Ved infeksjon med GBV-C er viruskonsentrasjonen i serum høgare enn i levervev (ved HCV-infeksjon er det tvert om).Fan X, Xu Y, Solomon H, Ramrakhiani S, Neuschwander-Tetri BA, Di Bisceglie AM (1999) «Is hepatitis G/GB virus-C virus hepatotropic? Detection of hepatitis G/GB virus-C viral RNA in liver and serum» - J Med Virol., vol. 58, nr. 2, s. 160-164. PMID: 10335864 (samandrag).

D. Det har vore eit omstridd spørsmål om GBV-C kan replikerast i hepatocyttar. Somme forskarar har mistenkt blodkontaminasjon som årsak til at GBV-C med hyperkjensleg molekylærbiologisk teknikk har vorte påvist i leverceller. Dette vert motsagt av andre som har rapportert funn av replikerande virus i hepatocyttar.Halasz R, Sällberg M, Lundholm S, Andersson G, Lager B, Glaumann H, Weiland O (2000) «The GB virus C/hepatitis G virus replicates in hepatocytes without causing liver disease in healthy blood donors» - J Infect Dis., vol. 182 nr. 6, s. 1756-1760. PMID: 11069249.