Alou Diarra () er ein fransk fotballspelar. Han spelar på midtbanen for Marseille i den franske fotballigaen, og for det franske landslaget.
Klubbkarriere Diarra begynte å spela profesjonell fotball for CS Louhans-Cuiseaux før han gjekk til Bayern München i Tyskland i 2000. Han fekk ingen kampar for førstelaget til Bayern, og var på lån ein periode til SC Freiburg. I 2002 vart han kjøpt av Liverpool, men fekk heller ingen A-lagskampar for dei. I staden var han utlånt til Le Havre og Bastia. Heile 2004/05-sesongen var han på lån til Lens, før han flytta dit permanent mot slutten av sesongen. Der vart han fast på førstelaget, og mens han var der fekk han landslagsdebuten sin for Frankrike. Etter fotball-VM i 2006 gjekk han til Lyon. Lyon vart seriemeistrar, men Diarra hadde ein skuffande sesong, og spelte berre 15 ligakampar. Sommaren 2007 gjekk det spekulasjonar som knytte han til Manchester City, Portsmouth, Newcastle United og Werder Bremen. 19. juli 2007 vart han seld til Bordeaux for 7,75 millionar euro. I 2008/09-sesongen vart han ligameister for andre gong, med Bordeaux.
Landslagskarriere Diarra debuterte på landslaget i 2004. Under fotball-VM i 2006 kom han inn som innbytar for Patrick Vieira i VM-finalen mot Italia.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 23. mars 2010.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Freiburg-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Le Havre-spelarar Kategori:Bastia-spelarar Kategori:Lens-spelarar Kategori:Lyon-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012