Jegihorn er eit 3 206 meter høgt fjell i Wallis-Alpane. Fjellet reiser seg ovan for Saas-Grund på austsida av Saastal. Fjellet er det vestlegaste i fjellrekka Jegigrat, som i aust-nordaustleg retning går over i vestsida av Fletschhorn.
Utgangspunkt for ein topptur er Weissmieshütte (2 726 m).
Frå toppen er det eit vidt utsyn til dei over firetusen meter høge toppane i fjellmassivet Mischabel. Samstundes har ein godt utsyn til oppstigingsrutene på dei meir nærliggjande toppane Fletschhorn, Lagginhorn og Weissmies.
Ruter til topps Normalruta går opp sørsida av Jegihorn, og er for det meste merka og mogleg å gå for øvde fjellfolk. Frå Weißmieshütte kan ein rekne med å bruke eit par timar til fjelltoppen.
I år 2000 vart det opparbeidd ein klatrestig på Jegihorn. Den såkalla panoramaklatrestigen høyrer til dei høgstliggjande slike i Alpane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jegihorn» frå , den 21. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Turskildring Panorama frå Jegihorn på gipfelderschweiz.ch
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais