Sanel Jahić () er ein fransk-bosnisk fotballspelar. Han spelar for APOEL i den kypriotiske fotballigaen, og det bosniske landslaget.

Jahić voks opp i Strasbourg i Frankrike og begynte å spela fotball for dei franske klubbene Strasbourg og Sochaux. Han spelte fast for det bosniske U21-landslaget. I november 2007 vart han kalla inn i A-landslagstroppen til den siste kvalifiseringskampen til fotball-EM i 2008, utan å spela kampen. I 2008 fekk han dei første A-landslagskampane sine, og spelte fleire kvalifiseringskampar til fotball-VM i 2010. Han skåra det første landslagsmålet sitt borte mot Belgia 28. mars 2009.

I klubbfotball spelar han for det meste som midtstoppar, men for landslaget har han òg spelt som vingback og i fleire posisjonar på midtbanen. Han var toppskårar i den bosniske ligaen på det tidspunktet då han reiste til gresk fotball midt i sesongen.

Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 22. mars 2010.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Bosniske fotballspelarar Kategori:Las Palmas-spelarar Kategori:Mérida-spelarar Kategori:Aris Thessaloniki-spelarar Kategori:AEK-spelarar