Boštjan Cesar () er ein slovensk fotballspelar som spelar i forsvar for Grenoble Foot 38 i Ligue 1 i Frankrike, og for det slovenske landslaget.
Klubbkarriere Cesar skreiv under ein treårskontrakt med Olympique de Marseille i 2005. I august 2007 gjekk han på lån for heile sesongen til West Bromwich Albion i nest høgste divisjon i England, med opsjon for ein permanent overgang. Han skåra det einaste målet sitt for West Bromwich 2. februar 2008 i ein 2-1-siger over Burnley. Han fekk 20 ligakampar i ein sesong då West Bromwich vann opprykk til Premier League, men manageren valde å ikkje gi han permanent kontrakt. I januar 2009 skreiv han under toårskontrakt med den franske Ligue 1-klubben Grenoble Foot 38. Han skåra det første målet sitt for klubben i den andre kampen sin, mot Girondins de Bordeaux.
Landslagskarriere Etter å ha spelt 15 U21-landskampar for Slovenia, fekk han den første A-landslagskampen sin i 2003. Han skåra det første landslagsmålet sitt i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Italia 9. oktober 2004.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boštjan Cesar» frå , den 23. mars 2010.
Kategori:Slovenske fotballspelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Grenoble-spelarar Kategori:West Bromwich-spelarar