Hestan Island er ei lita øy ved kysten av Skottland i Solway Firth.

Hestan Island ligg ved innløpet til Auchencairn Bay i regionen Dumfries and Galloway i det tidlegare grevskapet Kirkcudbrightshire. Det vart bygt eit fyr på austsida av øya av Alan Stevenson i 1850.

Når fjøra er særs låg er det mogeleg å gå tørrskodd over frå Almorness Point til nordenden av Hestan. Sør på øya ligg «Daft Ann's Steps», ei rad med steinar i vatnet. I følgje segna skal ei mindre intelligent jente ha lagt steinar til å trø på føre seg for å nå Balcary Point og drukna.

Ruinane av herregarden til Edward Balliol står nord på øya.

På 1700-talet var øya involvert i smugling og varer vart lagra i grotter sørvest på øya. Samuel Rutherford Crockett skriv mellom anna om dette i romanen The Raiders.

Øya er ein populær destinasjon for havkajakkpadlarar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hestan Island» frå , den 25. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Hestan Island i Gazetteer for Scotland Nettstad for Hestan Island

Kategori:Øyar i Solway Firth