Ramsey Island (walisisk Ynys Dewi) er ei øy om lag 1 km utanfor kysten av St David's-halvøya i Pembrokeshire på nordsida av St Brides Bay, sørvest i Wales.
Den walisiske øya er kalla opp etter St. David (Dewi Sant), vernehelgenen til Wales. Her budde bekjennaren St. Justinian. Den næraste byen er St David's.
Ramsey Island er kring 3 km lang og det høgaste punktet på øya ligg 136 meter over havet. Ho er den tredje største øya i Wales etter Anglesey og Holy Island.The Rough Guide to Wales, Rough guides, Rough Guide Travel Guides, Mike Parker, Paul Whitfield, 4, illustrated, Rough Guides, 2003, ISBN 1843531208, 9781843531203, s. 194
Skjer kring øya Meini Duon (tyder 'svarte skjer') er namnet på tre skjer sør for Ramsey Island.
Trwynmynachdy er eit skjer sørvest for øya. Namet tyder noko slikt som ‘klosternes’ eller ‘munkenes’.
Naturreservat
Øya er eigd av RSPB, og har nokre flotte fugleklipper, flotte kystlandskap og lyngheier. Ramsey har den viktigaste gråselkolonien i det sørlege Storbritannia og er ein av dei beste stadane i Wales der ein kan sjå alpekråke.
Andre hekkande fugleartar er mellom anna ramn, musvåk, vandrefalk, steinskvett, måse, alke, havlire og lomvi.
Det bur berre to personar på øya, oppsynsmannen for naturreservatet og kona hans. Det går turistbåtar ti og rundt øya frå påske og ut oktober.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ramsey Island» frå , den 25. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff www.geograph.co.uk: bilete av Ramsey Island og omliggande område RSPB si nettside
Kategori:Naturreservat i Wales Kategori:Øyar i Pembrokeshire Kategori:Fuglereservat i Wales