Anders Eide () i Snåsa er ein norsk langrennsløpar som representerer Snåsa IL. I 1998 vart han noregsmeister både på 15 km og 50 km. Frå andre NM-renn har han tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar.

Karriere Eide debuterte i verdscupen i mars 1992. Hans beste plassering i internasjonale meisterskap kom under Vinter-OL 1998 i Nagano då han vart nummer 11. på femmila. Eides største prestasjon internasjonalt er likevel sjetteplassen på 30 km i verdscupen i Lahti to år i førevegen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1994: Nr 13 på 50 km, Thunder Bay 1995: Nr 12 på 50 km under verdsmeisterskapen i Thunder Bay 1996: Nr 6 på 30 km, Lahti 1996/7: Nr 7 på 30 km, Oberstdorf 1997/8: Nr 11 på 50 km under dei olympiske leikane i Nagano. Nr 8 på 10 km, Beitostølen 1999: Nr 18 på 15 km, Nove Mesto 2000: Nr 8 på 50 km, Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1992: Nr 9 på 50 km i Molde Ski-NM 1993: Bronsemedalje på 50 km på Dombås Ski-NM 1994: Nr 12 på 50 km i Stor-Elvdal Ski-NM 1995: Sølvmedalje på 50 km i Oslo Ski-NM 1996: Bronsemedalje på 15 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 12 på 10 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Gullmedalje både på 15 km og på 50 km i Alta Ski-NM 1999: Nr 5 på 30 km på Skrautvål Ski-NM 2000: Sølvmedalje på 10 km i Vang Ski-NM 2001: Nr 9 på 30 km på Steinkjer Ski-NM 2003: Nr 8 på 50 km i Molde Ski-NM 2004: Sølvmedalje på 50 km på Bardufoss Ski-NM 2005: Nr 11 både på 15 km og 50 km på Lillehammer

Eide deltek framleis, 2010, i nasjonale renn.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Anders Eide i fis-ski.com Anders Eide i olympedia.org

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Snåsa Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998