Tore Olsen () er ein tidlegare norsk langrennsløpar. I 2000 vart han noregsmeister på 50 km, med klar margin. Bak seg på resultatlista hadde han kjende namn som Frode Andresen (bronse), Kristen Skjeldal og Frode Estil. Olsen tevla for Kirkenes og Omegn SK.
Karriere I løpet av si tid som skirennar på topplan deltok Olsen i fjorten renn i verdscupen. Beste resultatet var ein 17. plass på femmila i Holmenkollen i mars 2000, der han brukte knappe.fem minuttar meir tid enn vinnaren, Harri Kirvesniemi frå Finland.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1996: Nr 8 på 50 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 7 på 50 km i Mo i Rana Ski-NM 2000: Gullmedalje på 50 km på Vang Ski-NM 2001: Nr 14 på 50 km på Steinkjer Ski-NM 2002: Nr 6 på 30 km på Høydalsmo
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Tore Olsen i fis-ski.com
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Sør-Varanger