Kentmere-reservoaret er eit reservoar i Kentmere-dalen i grevskapet Cumbria i England. Det ligg 10,5 km nordaust for byen Windermere. Reservoaret får vatn frå kjelda til River Kent som spring ut 1,5 km lenger nord i Hall Cove på sørsida av High Street, i tillegg til Lingmell gill som drenerer ein stor dalbotn på vestsida av Harter Fell nedanfor Nan Bield Pass.
Historie Reservoaret vart bygt i 1848 etter at mølleeigarane på breidda av River Kent trong meir vatn til å drive møllene sine.www.cleo.net.uk.
Etter kvart har James Cropper papirfabrikk vorte eigarar av reservoaret, men dei har ikkje behov for vatnet her, sjølv om ein papirfabrikk treng mykje vatn. I 1995 tilbaud dei nye eigarar reservoaret gratis mot at dei nye eigarane utførte reparasjonar og vedlikehald av demninga. Ingen kjøparar meldte seg.
Geografi Reservoar dekker 0,195 km² og held 1,02 milliardar liter vatn. Det har ei 200 meter lang demning i eine enden. Innsjøen ligg mellom fjella Yoke, Froswick, Ill Bell, Thornthwaite Crag, Harter Fell, Mardale Ill Bell og Kentmere Pike.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kentmere Reservoir» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Reservoar i England Kategori:Lake District