Derwent-reservoaret er eit reservoar i River Derwent, på grensa mellom County Durham og Northumberland i England. Det ligg vest for Consett.

Reservoaret er ein del av vassforsyninga i Nordaust-England, eigt og styrt av Northumbrian Water. Det er hovudvasskjelda til storbyområdet Tyne and Wear.

Når det er naudsynt kan ein føre inn meir vatn i reservoaret via ei røyrleidning frå det større Kielder-reservoaret i Northumberland.

Det er funne spor etter sink, bly og kadmium. Desse er vaska ut i reservoaret frå tidlegare gruveområde rundt Blanchland. På grunn av dette er det relativt få planter som veks i reservoaret.Harding, JPC, Whitten, BA (1978) Zinc, Cadmium og Lead in Water, Sediment and Submerged Plants of the Derwent Reservoar, Northern England. Water Research, Vol. 12, s. p307-316.

Det ligg ein segleklubb ved Derwent-reservoaret. Klubbhuset vart bygt i 1968. Klubben driv òg med brettsegling, springing og triatlon.

Det er eit vasskraftverk ved reservoaret med ein kapasitet på 97 kilowatt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Derwent Reservoir (North East England)» frå , den 30. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Durham County Council om reservoaret Derwent Reservoar Sailing Club

Kategori:Reservoar i England Kategori:Innsjøar i Northumberland Kategori:Geografi i County Durham Kategori:Vasskraftverk i England