Hallington-reservoara ligg nær den vesle landsbyen Colwell i Northumberland i England, 11 km nord for Corbridge. Hallington er faktisk to små reservoar: Hallington Reservoir West og Hallington Reservoir East, som er skild frå kvarandre av ein dam.

Historie Reservoara vart bygt på slutten av 1800-talet for Newcastle and Gateshead Water Company. Reservoara dannar ein del av ei rekkje reservoar langs A68-vegen som er knytt saman av tunnelar og akvedukter frå Catcleugh-reservoaret til Whittle Dene. Desse er drikkevasskjelder for Newcastle upon Tyne, Gateshead og dei omliggande områda.

Flora og fauna Skogområdet nordvest for Hallington Reservoir East bestor stort sett av furu og lerketre med noko bøk, piletre og platanlønn, og av planter finn ein mellom anna den sjeldne gulstarren.

Reservoaret er ein viktig stad for overvintrande fuglevilt, som brunnakke, krikand og villand, og om hausten vadefugl som strandvipe, hettemåse og fiskemåse.

Det er observert ekorn, oter, grevling og flaggermus, samt kvitkloa kreps.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hallington Reservoirs» frå , den 31. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Luftfoto

Kategori:Reservoar i England Kategori:Innsjøar i Northumberland