Sigurd Einbu () var ein norsk sjølvlært astronom frå Lesjaskog, kjent for å ha funne ein nova i stjernebiletet Gemini den 12. mars i 1912. Novaen fekk namnet Nova Geminorum 2. I 1912 innførte han òg ein ny klasse variable stjerner, RV Tauri-variabel. Han skreiv etternamnet sitt Enebo i store delar av den vitskaplege karrieren sin.
Einbu gjekk på Hamar offentlige lærerskole, og arbeidde som lærar i Øyer, Vågå og Sel før han vendte heim til Dombås. Han blei tidleg interessert i astronomi, men kunne ikkje ofre seg fullt for den astronomiske verksemda før han blei utnemnd til statsstipendiat i 1908. Han var initiativtakar til Norsk Novaselskap. Han fekk oppretta og dreiv ein magnetisk målestasjon på Dombås frå 1916. Han utførte talrike observasjonar av variable stjerner. Einbu gjorde mykje for å spreie astronomisk kunnskap og skape interesse for studiet av stjernehimmelen i Noreg. Han heldt foredrag, skreiv populærastronomiske artiklar og fleire bøker, mellom anna Gjennom stjerneverdenen (2 bind, 1923–24), Bebodde verdner i nytt lys (1928) og Soler og atom (1930). Huset han var fødd i er flytta til Dombås og vart 1985 opna som museum, Einbustugu.
Barndomsheimen Einbustugu er flytt frå Lesjaskog til Dombås, og er eit museum om han.
I 2009 vart Einbudagane arrangert 16-19. september som ein del av astronimiåret.
Prisar Sigurd Einbu vart tildelt Lindemannsprisen utdelt på Astronomische Gesellschaft sitt møte i Jena i 1906 Atenogenes-Silva medaljen frå Sociedad Astronomica de Mexico i 1912 Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning frå Nansenfondet utdelt av Videnskapsakademiet i Kristiania i 1926. Gunnerusmedaljen frå Det Kongelige Vitenskapers Selskap i Trondheim i 1934. Æresmedlemskap i Norsk Astronomisk Selskap i Oslo 5.mai 1938.
Litteratur Stjernegransking i gamall og ny tid. 1911 Vår sol. 1922 Gjennem stjerneverdenen . 1 : Vor sol og dens følge. 1923 Vår måne. 1923 Gjennem stjerneverdenen . 2 : Melkeveiens soler : (fiksstjernene). 1924 Beobachtungen veränderlicher Sterne I - XIV Bebodde verdener i nytt lys. 1928 Soler og atom. 1930 250 in den Jahren 1903-1941 in Norwegen beobachtete Feuerkugeln : Errechnung der Radianten u. a.. 1942 Dovre kommune gjennom hundreåret 1837-1937. 1949 Lesja : litt frå den kommunale soga 1838-1938, og ymse anna. 1949 I tillegg var han ein flittig folkeopplysar med mange bidrag i tidsskrift og aviser
Kjelder
Bakgrunnsstoff Norddalsarkivet om Sigurd Einbu R. Tambs Lyche. «Sigurd Einbu : Minnetale» I: Det Kongelige norske videnskabers selskabs forhandlinger; bd 19. 1946
Kategori:Norske astronomar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Lesja Kategori:Folk frå Dovre