Alfagras, halfa eller esparto (Stipa tenacissima) er ein urteart i grasfamilien. Det er ei flierårig plante som er mest utbreidd på steppene i Nord-Afrika og Sør-Spania. Ho har lange blad som er røyrforma og sammanrulla. Bladfibrane vert mellom anna brukt som råmateriale for snøre og tau, og til korgfletting. Skotypen espadrille vert laga av alfagras.
Papirproduksjon Alfagrasfibrar vert også brukte i papirproduksjon. Fibrane vert vanlegvis blanda med 5–10 % tremasse. Dei gjev eit papir av høg kvalitet som er vanleg i bøker. I Storbritannia vart dette teke i bruk i 1850.
mini|venstre|Alfagras som er klart til handverksbruk. Kjelder
«Espartogräs» på Wikipedia på svensk, innhenta 7. april 2010. «Alfagress» hjå Store norske leksikon, innhenta 7. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grasfamilien