Himmelskönig, sei willkommen, BWV 182, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Weimar i 1714 for palmesundag eller Maria bodskapsdag. Stykket vart framført to gonger til i perioden 1717-1723 i Weimar (kanskje ikkje i slottskapellet i Weimar), samt den 25. mars 1724 i Leipzig, 21. mars 1728 i Leipzig, og ein siste gong etter 1728 i Leipzig.
Teksten er skriven av Salomo Franck (sats 2, 4-6, 8), Paul Stockmann (sats 7), medan resten er henta frå Salme 40: 7-8.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for fløyte, fiolin concertante, fiolin ripieno, tobratsjar, fiolonsell og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar:
Sonate for fløyte i G-dur «Himmelskönig, sei willkommen», Koral «Siehe, siehe, ich komme, im Buch ist von mir geschrieben», Resitativ for bass «Starkes Lieben, das dich, großer Gottes-Sohn», Arie for bass «Leget euch dem Heiland unter», Arie for alt «Jesu, laß durch Wohl und Weh», Arie for tenor «Jesu, deine Passion ist mir lauter Freude», Koral «So lasset uns gehen in Salem der Freuden», Koral
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 182 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1714