253 Mathilde er ein hovudbelteasteroide som blei vitja da NEAR Shoemaker-romsonden var på veg til 433 Eros. Han er den fyrste asteroiden vitja av eit romfartøy.

thumb|left|225px|NEAR Shoemaker-bilde av 253 Mathilde

Mathilde er svært mørk, svartare en kol og ein meiner at samansettinga er som karbonrike chondrittmeteorittar. Tettleiken målt av NEAR Shoemaker, 1300 kg/m³, var under det halve til typiske karbonrike chondrittar. Dette kan indikere at asteroiden er ein laust samansett haug av grus. Det same er tilfelle for ein annan C-type asteroide (som berre er studert frå jorda), 45 Eugenia.

Banen til Mathilde er eksentrisk, og tar han til det ytre av hovudbeltet. Han har au ein av dei seinaste rotasjonsperiodane til dei kjende asteroidane. Difor fekk ikkje NEAR Shoemaker fotografert heile overflata til asteroiden.

Ein meiner at Mathilde er namnsett etter kona til astronomen Moritz Loewy.

Krater

Asteroiden er market med mange svært store og tydelege krater, mange av dei er breiare enn snittradiusen til asteroiden. Det er ingen forskjellar i farge eller ljosheit, så dei indre delane til asteroiden må vera svært homogene.

Dette er ei liste over kratera. Av di at Mathilde er ein mørk karbonsk lekam har kratera blitt namnsett etter nokon av dei mest kjende kolfelta i verda.

Krater Namnsett etter Aachenkrateret Aachen, Tyskland Baganurkrateret Baganur, Mongolia Benhamkrateret Benham, Kentucky, USA Clackmannankrateret Clackmannan, Storbritannia Damodarkrateret Damodar, India Enugukrateret Enugu, Nigeria Ishikarikrateret Ishikari, Japan Jeradakrateret Jerada, Marokko Jixikrateret Jixi, Kina Kalimantankrateret Kalimantan, Indonesia Karookrateret Karoo, Sør-Afrika Kuznetskkrateret Kuznetsk, Russland Lorrainekrateret Lorraine, Frankrike Lublinkrateret Lublin, Polen Maritsakrateret Maritsa, Bulgaria Matanuskakrateret Matanuska, Alaska, USA Mulgildiekrateret Mulgildie, Australia Oaxacakrateret Oaxaca, Mexico Otagokrateret Otago, Ny Zealand Quettakrateret Quetta, Pakistan Similkameenkrateret Similkameen, Canada Teruelkrateret Teruel, Spania Zuliakrateret Zulia, Venezuela

Bakgrunnsstoff The Asteroid Orbital Elements Database (engelsk) Minor Planet Discovery Circumstances (engelsk) USGS: Mathilde nomenclature (engelsk)

Kategori:Hovudbelteasteroidar Kategori:Asteroidar Kategori:C-type-asteroidar Kategori:Asteroidar vitja av romsondar