Gojko Kačar () er ein serbisk fotballspelar. Han har spela for Hamburger SV i tysk Bundesliga, og det serbiske landslaget.
Kačar begynte å spela fotball for FK Vojvodina i heimbyen Novi Sad. I januar 2008 gjekk han til Hertha Berlin, ifølgje media for 3 millionar euro, og vart dermed den dyraste spelaren i FK Vojvodina si historie. Før 2010/11-sesongen gjekk han vidare til Hamburg for 5,5 millionar euro.
I 2007 var Kačar med i Serbia sin tropp til U21-EM, der han spelte éin kamp. 7. september 2008 skåra han fem mål for U21-landslaget då dei slo Ungarn 8-0 i ein kvalifiseringskamp til U21-EM i 2009. Kačar spelte også i den meisterskapen, og også i sommar-OL i 2008. 24. november 2007 fekk Kačar, saman med ni andre debutantar, den første A-landskampen sin for Serbia i ein kvalifiseringskamp til fotball-EM i 2008 mot Kasakhstan.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 21. april 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Serbiske fotballspelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar