Georg Jacob Bull () var ein norsk jurist, embetsmann og politikar. Han var høgsterettsjustitiarius frå 1836 til 1854. Far hans, Johan Randulf Bull, var den fyrste høgsterettsjustitiariusen i Noreg.
Bull var fødd i Kristiania og vart student i 1802. Cand. jur. vart han i 1805. Han var 1806-09 fungerande sorenskrivar i Sunnhordland, deretter byfut i Bergen frå 1810 til 1821. I 1821 vart han utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larvik amt. Dette embetet hadde han til han i 1829 vart amtmann i Søndre Bergenhus amt. Han var amtmann der i fem år, dei to åra 1834-36 var han statssekretær. Deretter var han i atten år (1836-54) leiar av Noregs høgsterett.
Bull var representert på to påfylgjande storting. I 1821 og på det overordenlege Stortinget året etter representerte han Bergen, medan han i 1824 var representant for Laurvik og Sandefjord. I 1821 var han medlem av 18 komitear, formann i fem av dei. På tinget i 1824 var han formann i justiskomiteen og i komiteen om odelslova.
Bull var med i riksretten i 1845, i eigenskap av høgsterettsjustitiarius.
Han døydde i fødebyen Kristiania.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff Regjeringen.no: Statsrådsekretær 1814-
Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Larvik og Sandefjord Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Norske høgsterettsjustitiariusar Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Fylkesmenn i Hordaland Kategori:Politikarar frå Oslo