Gudmund Harlem (), fødd i Kristiania, var ein norsk lege, professor og politikar frå Arbeidarpartiet.

Statsråd Gudmund Harlem var statsråd og sjef for to departement: 1. august 1955 - 18. februar 1961: Sjef for Sosialdepartementet (sosialminister) i Einar Gerhardsen si andre regjering. 18. februar 1961 - 28. august 1963: Sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) i same regjering. 25. september 1963 - 12. oktober 1965: Sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) i Einar Gerhardsen si fjerde regjering.

Utdanning og karriere Gudmund Harlem vart student i 1935. Studia til lege vart avbrote av krigen, og han vart cand.med. i 1946. I 1976 vart han dr.med.

Han arbeidde som lege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1946-1953, og var assistentlege ved Hygienisk institutt 1946-1948. Han var deretter overlege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1953-1970. Frå 1955 var han teknisk ekspert for FN si attføring til Egypt og Italia. Han var assistentlege ved Rikshospitalet 1965-1966. Han var overlege og fagleg leiar ved Statens attføringsinstitutt 1966-1970, og direktør same stad 1970-1977. Frå 1971 var han teknisk ekspert for WHO til Malta.

Han var professor i arbeidslivsvitskap ved Universitetet i Trondheim/NTH 1977-1980. Deretter var han administrerande direktør for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd 1980-1986. Dei to siste åra før han døydde arbeidde han som allmennpraktiserande lege i Oslo, 1986-1988

Verv Gudmund Harlem hadde svært mange framståande tillitsverv utanom verva som statsråd. Nokre av dei viktigaste:

Kommunalpolitiske verv: Medlem Oslo bystyre 1945-1947 Medlem Skolestyret, Oslo 1948-1955

Offentlege verv: Formann Komiteen for spesialbehandling av barn 1948-1955 Medlem styret for Norges allmennvitenskapelige forskningsråd 1949-1957 Formann Vanføreomsorgkomiteen 1952-1955 Formann Sentralrådet for yrkesvalghemmede 1955-1957, 1966-1970 Varaformann styret for Rikshospitalet 1970-1981 Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds forurensingskomite 1970-1976 Medlem Statens idrettsråd 1974-1985 Formann styret for Norges Idrettshøgskole 1976-1988 Formann styret for Arbeidstilsynet 1977-1988 Formann Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråds arbeidsmiljøkomite 1977-1980 Formann Forsikringsrådet 1978-1986 Leder utval for lovgjevinga om forsikringsverksemd 1978-1985 Medlem Rådgjevande utval for industri- og energisamarbeid 1979-1985 Medlem Forsvarsrådet frå 1980 Nestleder Styret for Kredittilsynet 1985-1988

Tillitsverv i parti: Medlem AUF sitt sentralstyre 1946-1949 Varamedlem Det norske Arbeiderparti sitt sentralstyre 1949-1957 Varaformann Oslo Arbeidarparti 1952-1957

Tillitsverv i organisasjonar: Formann Det Norske Studentersamfund frå 1945 Medlem Styret i International Union of Socialist Youth 1946-1951 President International Society for Rehabilitation of the Disabled 1966-1972

Anna Gudmund Harlem var far til statsminister Gro Harlem Brundtland og justisminister Hanne Harlem.

Kjelder Gudmund Harlem hos Stortinget.no, vitja 23. april 2010

Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske sosialministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen IV Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Medlemmar av Mot Dag Kategori:Formenn av Det Norske Studentersamfund Kategori:Politikarar frå Oslo