Ålesund er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Byen Ålesund er i dag regionssenter for heile Sunnmøre, han er kjend for sine mange bygningar i jugendstil, bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser etter kommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og det meste av Sandøy kommune blei slåtte saman til nye Ålesund kommune.

Frå 1. januar 2024 vart Ålesund kommune delt, og Haram vart uskild som eigen kommune.

Heile landarealet inkludert innsjøar er no ca. 632 km²., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 km² jordbruksareal.

Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyane Hessa i vest, Aspøya og Nørvøya i midten, og halvdelen av Oksnøya i aust. I nord ligg Ellingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane ved Ellingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad for Hurtigruta og tek òg imot ferjer og lasteskip frå mellom anna Hamburg, Newcastle og Kingston upon Hull.

Byen ligg nær både rike fiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I 1824 vart han eksportsenter for klippfisk til Spania, noko som førte til stor vekst og bystatus i 1848. På 1950- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigaste sildehamnene i verda.

Andre industriar som har vore viktige for byen er skipsbyggjing og trikotasje.

Historiske hendingar Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn frå Bergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.

Bybrann 23. januar 1904 vart Ålesund ramma av ein brann. Brannen starta på Aspøya, i Aalesund Preserving Co.s fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vestanfor det som i dag blir kalla Brusdalshagen, det vil seie Borgundvegen 39. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag. Totalt gjekk det med om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Berre ein person omkom under brannen.

Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært i Noreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av det Tyskland i Keisar Wilhelm II sitt namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørgde han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten 1904. Allereie tre år etter, i 1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.

mini|Ålesund mini|Ålesund føre bybrannen mini|Busstasjonen utafor kjøpesentret på Moa

Kultur Ålesund held festivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer: InnoTown - forretningskonferanse (vår) Matfestivalen - festival med fokus på norsk mat (sommar) Ålesund Teaterfestival - teaterfestival (vinteren)

Verd å vitja Jugendstilsenteret, det nasjonale formidlingssenteret for jugendstilen Aalesunds Museum, bymuseum med krigshistorisk avdeling Fiskerimuséet i Ålesund Ålesund Akvarium, det største akvariet i Noreg Sunnmøre Museum, regionmuseum for Sunnmøre

Venskapsbyar

Randers Lahtis Akureyri Borgo a Mozzano Peterhead Västerås Tacoma

Kjende folk frå Ålesund kommune Frå tidlegare Ålesund kommune Peder Elibert Tonning (1847–1927), forretningsmann og konsul Ambrosia Tønnesen (1859–1948), kunstnar Ivar Flem, (1865–1948), aviseigar og redaktør Anders N. Aarsæther (1872–1939) Per Bolstad, (1875–1967), musikar og gammaldanskomponist Anton Alvestad (1883–1956), bakar, arbeidarpolitikar og avhaldsmann Amanda Cicilia Olsen (1887–1967), journalist Jonas Peson (1887–1952), kunstnar Edvin Solem (1900–1965), musikar og organist Nils J. Liaaen (1902–1974), skipsbyggar og politikar Monrad Norderval, (1902–1976), prest og biskop Bjarne Rabben (f. 1907), forfattar, lokalpolitikar, målmann, bonde, avhaldsmann og ferdatalar Arthur Klæbo (1908–1985), radiomann Arne Birkevoll sr. (f. 1911), handelsmann, organisasjonsmann og motstandsleiar Hartvig Kiran (1911–1978), radiomann, lyrikar og omsetjar Ola Skjåk Bræk, (1912–2000), bankmann, politikar og skribent Joachim Rønneberg (f. 1919), radiomann og offiser Olav Sunde (f. 1920), industrimann Olav Høydal, (1929–1986), arkitekt, overingeniør og byplansjef Grethe Westergaard Bjørlo (f. 1932), arbeidarpolitikar og lærar Arild Rypdal (f. 1934), forfattar Gyda Sødring (1846–1935), sanitetskvinne Harald Grytten (f. 1938), byhistorikar og forfattar Asbjørn Gjærde (f. 1939), journalist og forfattar Leif Hovde (f. 1943), lærar, speidarleiar og lokalpolitikar Steinar Hovde (f. 1945), geistleg, landslagsspelar i volleyball Ørnulf Opdahl (f. 1944), kunstnar Marianne Heske (f. 1946), kunstnar Jan Åge Fjørtoft (f. 1967), fotballspelar John Arne Riise (f. 1980), fotballspelar for Aalesunds FK, AS Monaco FC og Liverpool FC Natalie Sandtorv (f. 1988), musikar, jazzvokalist, waterphone, harmonium, synthar). Nina Haver-Løseth (f. 1989), alpinist Sebastian Foss Solevåg (f. 1991), alpinist

Frå tidlegare Haram kommune Olaus Alvestad (1866–1903), folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør Ingebrigt Davik (1925–1991), forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar Ingebrigt Andreas Fjørtoft (1859–1927), døvelærar Lauritz Fjørtoft (1877–1941), døvelærar Olaus Fjørtoft (1847–1878), journalist og politisk agitator Bjarne Flem (1914–1999), fiskar og politikar Per Oddvar Hildre (1950– ), kordirigent Knud Leem (1697–1774), prest, misjonær og språkforskar John O. Longva (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner Frå tidlegare Skodje kommune Ludvig Daae, embetsmann, stortingsrepresentant og minister Herluf Nygaard, krigshelt Magne Fremmerlid, operasongar Ottar Nevstad, prest Gunnar Hamnøy, predikant Harald Halvorsen, kaptein Frå tidlegare Ørskog kommune Bjørn Bjørnevik (1896-1955), skodespelar, teatersjef og dramatikar Sylvi Listhaug (1977–), politikar (Frp),landbruksminister 2013-15, innvandrings- og integreringsminister fra desember 2015, justisminister fra januar 2018 til mars 2018. i regjeringa Solberg.

Frå tidlegare Sandøy kommune Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust (ca. 1595-1666), bondeopprører Paul Knudsen Gaasø (1820-1872), Sandøys første ordfører Nils Nilsen Finnøy (1865-1939), smed, båtmotorprodusent og industrigründer I. P. Huse (1880-1947), industrigründer og oppfinner Øystein Rykkja (1910-1995), norsk skolemann

Anna Det lokale fotballaget heiter Aalesunds FK Gange-Rolv, som danna det normanniske vikingdynastiet i det nordlege Frankrike, kom frå Giske, nordvest for Ålesund. Han er minna med ein statue byen Rouen i Normandie gav til Ålesund i 1911, tusen år etter at han slo seg ned i Frankrike. Ålesund har òg gitt namn til Ny-Ålesund på Svalbard

Bakgrunnsstoff Ålesund kommune si heimeside Jugendstil senteret si heimeside Ålesund hamn med webkamera Bybrannen i Ålesund Sunnmørsposten, også kalla Vigra-bibelen Sunnmøre Museum Ålesunds Museum Sunnmøre Historielag

Kjelder

Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal