Andreas Martin Hansen () var ein norsk geolog, etnograf og statsstipendiat. Hansen er kjend både for teoriane sine om bresjøar, og for engasjementet sitt i studiet av kortskallar og langskallar, kraniometri.

Hansen var presteson og voks opp i Levanger og Trondheim. Han tok artium i 1875, og vart cand.real. i 1881. Deretter arbeidde han fram til 1898 ved Universitetsbiblioteket i Oslo, etter kvart som amanuensis. Han høyrte til eit positivistisk, darwinistisk miljø, som mellom anna omfatta G.O. Sars, Ernst Sars og Amund Helland. Foredraget hans Den yngre akademiske Slægt og de moderne Ideer i Studentersamfundet i 1882 er i tittelen sin karakteristisk.

Hans doktoravhandling Strandlinje-studier (1891) er ein banebrytande og framleis gyldig teori om landskapsforming med bresjøar, eller bredemte sjøar: Isbrear som utgjorde restar av innlandsisen demde opp vatn til sjøar som verka landskapsformande.

Den andre hjartesaka til Hansen var kraniometriske studiar av kortskallar og langskallar, og då han vart utnemnd til statsstipendiat i 1908 var det for å studere norsk antropologi. Han var allsidig orientert og engasjert, og Kjeldstadli skriv at «Han hadde en tidstypisk ambisjon om en helhetsvitenskap som skulle gi svar på de 'store' spørsmålene, et prosjekt i grenselandet mellom kunnskapsmengde, ideologi og dilletanteri.»

Han vart medlem av Vitskapsakademiet i 1910.

Litteratur Knut Kjeldstadli. «Andreas Hansen» I: Norsk biografisk leksikon.

Om seter eller strandlinjer i store høider over havet. 1885 Strandlinje-studier. 1891 De kvartære klimat-skifter og excentricitets-teorierne. 1894 Norsk folkepsykologi : med politisk kart over Skandinavien. 1899 Landnåm i Norge : en utsigt over bosætningens historie. 1904 Oldtidens nordmænd : ophav og bosætning. 1907 Bre og biota. 1929

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andreas Hansen» frå , den 6. mai 2010.

Kategori:Norske etnografar Kategori:Norske geologar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Folk frå Hå Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi