mini|W.C. Brøgger som universitetsrektor i 1911 Waldemar Christofer Brøgger () var ein norsk geolog og universitetsrektor. Waldemar Christofer Brøgger var son av boktrykkaren Anton Wilhelm Brøgger, far til arkeologen og politikaren Anton Wilhelm Brøgger, farfar til forfattaren og omsetjaren Waldemar Christoffer Brøgger og oldefar til antropologiprofessoren og skribenten Jan Brøgger.

Utdanning og karriere Han tok artium ved Christiania Katedralskole i 1869 og anneneksamen i 1870. Deretter studerte han realfag og zoologi under professor Theodor Kjerulf. Den tidlege forskinga hans førte til avhandlinga Über Apatitvorkommnisse im südlichen Norwegen (saman med Hans Reusch, 1875). Brøgger vart så like etter tilsett i Noregs geologiske undersøkingar som assistent og arbeidde vesentleg på Korsika og Elba.

Han vart amanuensis mineral-kabinettet ved Universitetet (1876), stipendiat (1878) før han i 1881 vart utnemnd til professor i geologi og mineralogi ved Stockholms högskola. Han overtok professoratet til Kjerulf i Christiania (1890) og vart der til 1917 for å vie seg heilt til forsking. Frå 1906-1911 var han den første rektoren ved universitetet.

Han var ein viktig person under unionsoppløysinga med Sverige rundt 1905.TV-program 2005: Tre menn og eit glansbilete. Norsk Rikskringkasting. Tilgjengeleg på Professor Brøgger vart sendt til Stockholm som hemmeleg agent for å sjå dei svenske reaksjonane.

Utmerkingar Brøgger mottok fleire ordenar og utmerkingar for virket sitt.Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847-1947, gjeve ut av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 19. Han vart i 1895 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og vart i 1902 forfremma til kommandør med stjerne. I 1911 vart han tildelt storkrossen av St. Olavs Orden «for videnskabeleg fortjeneste og fortjeneste av Universitetet». Han fekk storkrossen av Finlands kvite rose, var kommandør av første klasse av den svenske Nordstjerneordenen og riddar av Dannebrogordenen. Han vart utnemnd til kommandør av den franske Æreslegionen og av Italias kroneorden. Brøgger var innehavar av 1. klasse av Den prøyssiske krone-ordenen og 2. klasse av den russiske Sankt Stanislaus-ordenen.

Brøgger vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Heidelberg, Universitetet i Oxford, Universitetet i Cambridge og Stockholms universitet. Han vart løna med Murchisonmedaljen i 1891 og med Gunnerusmedaljen i 1927.

Brøggerhalvøya, Brøggerbreane og Brøggertinden på Spitsbergen er kalla opp etter han. Brøgger er òg avbilda på eit norsk frimerke.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Waldemar Christofer Brøgger» frå , den 7. mai 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

toyen.uio.no frå Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.

Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Rektorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske geologiprofessorar Kategori:Norske geologar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Finlands kvite rose Kategori:Æreslegionen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund