Emil Wilhelm Cohen () var ein tysk mineralog fødd på Jylland.

Han studerte ved universiteta Berlin og Heidelberg og frå 1867 til 1872 var han assistent i mineralogi ved det sistenemnte universitetet. Han var nesten eitt og eit halvt år i Sør-Amerika, der han studerte diamant- og gullførekomstar. Dei neste åra studerte han mineralogi og førebudde avhandlingar som skildra oppdagingane hans i Afrika. Med verket Collection of Microphotographs of Minerals and Rocks vart han grunnleggjaren av den moderne petrografien. I 1878 vart han professor i petrografi i Strasbourg og Direktør for dei geologiske undersøkingane i Alsace og Lorraine. I 1885 vart han professor i mineralogi ved Universitetet i Greifswald. Her starta han å studere meteorittar og var ein av dei første mineralogane som skildra petrigrafien til jernmeteorittar og dei tilhøyrande minerala. Han fann diamantar der og isolerte og analyserte eit jernkarbid-mineral. Mineralet vart seinare kalla cohenitt etter han.

Han studerte òg utbreiinga og fordelinga av dei skandinaviske flyttblokkene i det nordlege Tyskland.

Han publiserte mellom anna verka: Geognostisch-petrographische Skizzen aus Südafrika (1874) Erläuternde Bemerkungen zu der Routenkarte einer Reise Lydenburg• nach den Goldfeldern und von Lydenburg nach der Delagoabai im östlichen Südafrika ( 1875) Sammlung von Mikrophotographien zur Veranschaulichung der mikroskopischen Struktur von Mineralien und Gesteinen (1881-83; tredje utgåve 1899) Meteoritenkunde (andre utgåve, 1903) Meteoreisenstudien (1891-1900, elleve nummer)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emil Cohen» frå , den 8. mai 2010. oppgav desse kjeldene: Tekst frå New International Encyclopedia som er offentleg eigedom. Emil Cohen på Tysk Wikipedia

Kategori:Tyske mineralogar Kategori:Tyske sakprosaforfattarar Kategori:Tyske jødar