Jonathan Rey Bornstein () er ein amerikansk fotballspelar som har spela for Tigres de la UANL i den mexicanske fotballigaen, og for det amerikanske landslaget. Han spelte heile den profesjonelle karrieren sin for Chivas USA i Los Angeles, fram til han drog til Mexico etter 2010-sesongen. I den første sesongen sin i klubben vart han kåra til årets nykommar i MLS. Han debuterte for USA sitt A-landslag 20. januar 2007 i ein kamp mot Danmark, og skåra i same kampen. Han er av blanda jødisk og mexicansk opphav.

Kategori:Fotballspelarar frå USA Kategori:Folk frå California