Viswanathan Anand(IND) Veselin Topalov(BUL) Meister Utfordrar Vinnar av VM i sjakk 2008 Vinnar av Utfordrarkampen 2009 år år 2789 FIDE RatingFIDE-rating topp 100 pr 1. mai 2010, vitja 23. juli 2010 2812 FIDE RatingFIDE-rating topp 100 pr 1. mai 2010, vitja 23. juli 2010

FIDE rangering: 4 FIDE rangering: 2

Verdsmeisterskapen i sjakk 2010 var ein tvikamp mellom verdsmeisteren Viswanathan Anand og utfordraren Veselin Topalov. Tvekampen vart arrangert i Sofia, Bulgaria frå 24. april til 11. mai 2010, med eit premiefond på Euro, av dette 60 % til vinnaren.World Championship match Anand – Topalov: contract signed in Sofia, FIDE, 16 December 09 Anand vann kampen 6½–5½ og var dermed framleis verdsmeister.

Tvikampen var sett til 12 ordinære parti,Regulations med omspel viss det vart uavgjort 6-6 som hurtigsjakk og lynsjakk. VM-kampen hadde same lengde og reglar som VM i sjakk 2006 og VM i sjakk 2008.

Starten av VM-kampen vart utsett ein dag, då Anand vart ståande oskefast i Frankfurt den 16. april, på grunn av vulkanoska frå vulkanutbrotet frå Eyjafjallajökull som stogga mykje av flytrafikken i Europa. Anand bad om ei utsetting på tre dagar, noko som vart avslått av organisatorane den 19. april. Anand kom fram til Sofia den 20. april, etter å ha reist 40 timar på landevegen.http://www.chessbase.com/newsdetail.asp?newsid=6269 Det første partiet vart av denne grunnen utsett ein dag.http://www.chess.com/news/anand-v-topalov-1-day-postponement-8078

Verdsmeisteren Verdsmeisteren som skulle forsvare tittelen sin var Viswanathan Anand, som hadde vore verdsmeister sidan 2007. Anand vann VM i sjakk 2007, ei sjakkturnering med åtte spelarar. Han forsvarte så tittelen i tvikamp om VM i sjakk 2008 mot den tidlegare verdsmeisterenVladimir Kramnik.

Utfordraren

Veselin Topalov vann Verdssjakkforbundet FIDE si VM-turnering i 2005. Samtidig var Vladimir Kramnik såkalla «klassisk» verdsmeister i sjakk etter å ha slått Garri Kasparov i 2000, og forsvart tittelen i 2004 mot Peter Leko. For å sameine desse titlane vart det tidleg i 2006 inngått avtalar der det vart avtalt ein VM-kamp mellom Kramnik og Topalov. Kramnik vann sameiningkampen mot Topalov, og avtalen var slik, at berre vinnaren fekk rett til å vere med i VM-turneringa 2007, som Anand vann. Topalov fekk såleis ikkje vere med i VM i sjakk 2007, som følgje av avtalen som var inngått. Men i juni 2007 annonserte FIDE at Topalov likevel skulle få kompensasjon ved å få eit spesielt privilegium i kvalifiseringa til det planlagde VM i sjakk 2009: Han skulle utan vidare kvalifisering få spele tvikamp om kven som skulle bli utfordrar til sitjande verdsmeister.Veselin Topalov and the new FIDE world championship cycle, Chessbase, June 24, 2007

Gata Kamsky frå USA fekk rett til å vere med i denne utfordrarkampen ved å vinne Verdscupen i sjakk 2007.

Utfordrarkampen i sjakk 2009

thumb|Game 2 of the Challenger Match Utfordrarkampen mellom Topalov og Kamsky vart arrangert i Sofia, Bulgaria i tida 16-28. februar 2009. Tvikampen var planlagt til å gå over 8 parti. Det vart ikkje nødvendig, Topalov vann denne kampen nokså greitt, og den 26. februar vann han det 7. partiet, og dermed tvikampen med 4,5-2,5.

Tidlegare resultat mellom Anand og Topalov Før VM-kampen i 2010 hadde Anand og Topalov spelt 67 parti mot kvarandre med full tenketid, med følgjande resultat:http://www.chessgames.com/perl/ezsearch.pl?search=anand-topalov AnandRemisTopalovAnand (Kvit) – Topalov (Svart)13164Topalov (Kvit) – Anand (Svart)4219Totalt173713

VM-kampen Vilkåra for VM-kampen VM-kampen var sett til best etter 12 ordinære parti. Vinst gav eit poeng, og remis gav eit halvt poeng. Tvikampen tok slutt viss nokon av spelarane oppnådde 6½ poeng. Tenketida var 2 timar på dei 40 første trekka, deretter 1 time i tillegg fram til 60 trekk. Når 60 trekk var passert vart det lagt til 15 minutt, og i tillegg 30 sekund pr trekk. frå trekk 61.

Ved uavgjort 6-6 etter 12 parti var her reglar som skulle sikre eit endeleg resultat. Ved 6-6 etter 12 parti, skal det trekkast om fargane, og deretter skal det spelast fire parti hurtigsjakk. Tenketida for desse partia var sett til 25 minutt pluss 10 sekund pr trekk. Ved framleis uavgjort etter dei fire hurtigsjakkpartia, skal det trekkast om fargane, og deretter skal det spelast to og to parti lynsjakk, med tenketid 5 minutt pluss 10 sekund pr trekk. Ved uavgjort etter to lynparti skal det spelast to nye lynparti, til det eventuelt har blitt spela 5 slike kampar på 2 lyssjakkparti. Ved framleis uavgjort etter 10 lynsjakkparti, skal det spelast eit avgjerande «Armageddon-parti»: Det blir foretatt ei loddtrekking, og vinnaren får velje om han vil spele kvit eller svart. Kvit får 5 minutt tenketid, svart får 4 minutt. Frå trekk 61 frå spelarane 3 sekund tillegg i tida pr trekk. Viss partiet blir remis, blir spelaren som har svart erklært som vinnar.

Topalov kravde tagnad Topalov kravde at kampen skulle spelast utan at spelarane snakka med kvarandre under partia. Han viste til Sofia-reglane frå 2005, innført for å hindre at spelarane avtalte remis i sjakkturneringar. Anand svarte at han ville halde seg til VM-reglane, som ikkje hadde noko slikt krav. Dette fekk Silvio Danailov, Topalov sin manager, til å seie «Viss Vishy ikkje er samd i reglane, så blir han nøydd til å følgje dei, for Topalov vil ikkje tilby remis og vil ikkje snakke med han»

Sekundantar Anand hadde dei same sekundantane som hjelpte han i førebuinga til VM i sjakk 2008: Stormeistrane Peter Heine Nielsen, Rustam Kasimdzhanov, Surya Ganguly og Radoslaw Wojtaszek. Topalov arbeidde saman med Jan Smeets, Erwin l’Ami, Ivan Cheparinov og Jiri Dufek..

Speleskjema og resultat PartiDato Topalov Anand Stillinga124. april 1 0 Topalov leiar 1–0225. april 0 1 Kampen uavgjort 1–1327. april ½ ½ Kampen uavgjort 1½–1½428. april 0 1 Anand leiar 2½–1½530. april ½ ½ Anand leiar 3–261. mai ½ ½ Anand leiar 3½–2½73. mai ½ ½ Anand leiar 4–384. mai 1 0 Kampen uavgjort 4–496. mai ½ ½ Kampen uavgjort 4½–4½107. mai ½ ½ Kampen uavgjort 5–5119. mai ½ ½ Kampen uavgjort 5½–5½1211. mai 0 1 Anand vann 6½ – 5½Omspel13. mai Ikkje nødvendig Alle partia starta klokka 15.00, austeuropeisk sommartid EEST (UTC+3), unnateke det første partiet, som starta klokka 17.00 EEST.Anand–Topalov – FIDE World Chess Championship 2010 (Section "Schedule")

Parti

1. parti, Topalov–Anand, 1–0

Grünfeld-indisk, avbyte-varianten, D86 1.d4 Sf6 2.c4 g6 3.Sc3 d5 4.cxd5 Sxd5 5.e4 Sxc3 6.bxc3 Lg7 7.Lc4 c5 8.Se2 Sc6 9.Le3 O-O 10.O-O Sa5 11.Ld3 b6 12.Dd2 e5 13.Lh6 cxd4 14.Lxg7 Kxg7 15.cxd4 exd4 16.Tac1 Dd6 17.f4 f6 18.f5 De5 19.Sf4 g5 20.Sh5 Kg8 21.h4 h6 22.hxg5 hxg5 23.Tf3 Kf7? 24.Sxf6!! Kxf6 25.Th3! Tg8 26.Th6+ Kf7 27.Th7+ Ke8 28.Tcc7 Kd8 29.Lb5 Dxe4 30.Txc8+ 1–0

Kommentatorar har helde det som sannsynleg at Anand sin feil i det 23. trekket kom av at han hadde gløymt førebuinga si, som ein reknar med var 23...Ld7 før Kf7.Topalov World Championship Game 1 hos The Week in Chess Mark Crowther 24. april 2010, vitja 23. juli 2010

2. parti, Anand–Topalov, 1–0

Katalansk, ope forsvar, E03

1.d4 Sf6 2. c4 e6 3. Sf3 d5 4. g3 dxc4 5. Lg2 a6 6. Se5 c5 7. Sa3 cxd4 8. Saxc4 Lc5 9. O-O O-O 10. Ld2 Sd5 11. Tc1 Sd7 12. Sd3 La7 13. La5 De7 14. Db3 Tb8 15. Da3!? Dxa3 16. bxa3 S7f6 17. Sce5 Te8 18. Tc2 b6 19. Ld2 Lb7 20. Tfc1 Tbd8 21. f4!? Lb8 22. a4 a5 23. Sc6 Lxc6 24. Txc6 h5?! 25. T1c4 Se3? 26. Lxe3 dxe3 27. Lf3 g6 28. Txb6 La7 29. Tb3 Td4 30. Tc7 Lb8 31. Tc5 Ld6 32. Txa5 Tc8 33. Kg2 Tc2 34. a3 Ta2 35. Sb4 Lxb4 36. axb4 Sd5 37. b5 Taxa4 38. Txa4 Txa4 39. Lxd5 exd5 40. b6 Ta8 41. b7 Tb8 42. Kf3 d4 43. Ke4 1–0

Trekket 16...Sc5 som fjernar kvit sin blokkerande springar var mykje betre for Topalov, svart ville stått godt etter 17.Sd6 b6.Anand-Topalov World Championship Game 2 The Week in Chess Mark Crowther 25. april 2010, vitja 23. juli 2010 Anand meinte at svart begynte å misse kontrollen over stillinga etter 25... Se3?

3. parti, Topalov–Anand, ½–½ Slavisk forsvar, Wiesbaden-varianten, D17

1.d4 d5 2.c4 c6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 dxc4 5.a4 Lf5 6.Se5 e6 7.f3 c5 8.e4 Lg6 9.Le3 cxd4 10.Dxd4 Dxd4 11.Lxd4 Sfd7! 12.Sxd7 Sxd7 13.Lxc4 a6 14.Tc1 Tg8! 15.h4 h6 16.Ke2 Ld6 17.h5 Lh7 18.a5! Ke7 19.Sa4 f6 20.b4! Tgc8 21.Lc5 Lxc5 22.bxc5 Tc7 23.Sb6 Td8 24.Sxd7 Tdxd7 25.Ld3 Lg8 26.c6 Td6 27.cxb7 Txb7 28.Tc3 Lf7 29.Ke3 Le8 30.g4 Txa5 39.Tb7+ Kf8 40.Ke2 Ta2+ 41.Ke3 Ta3+ 42.Kf2 Ta2+ 43.Ke3 Ta3+ 44.Kf2 Ta2+ 45.Ke3 Ta3+ 46.Kf2 ½–½Remis etter at stillinga var gjenteken for tredje gongen.

14. ... Tg8! Svart planlegg Ld6, Ke7, f6, Tgc8, Lg8, osv. Kvit må faktisk skunde seg og gjere noko mot dette, noko som ikkje er lett, då springaren hans på c3 er dårleg plassert.

20.b4! Topalov aktiviserer raskt før svart klarer å få alle brikkene sine i spel.

32. ... Lb5! Anand klarer å nøytralisere den einaste svakheita han har, bonden på a6.World Chess Championship – Game Three 27. april 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010

Det var ikkje noko handtrykk etter det tredje partiet. På pressekonferansa medga begge spelarane at dei rett og slett hadde gløymt dette.

4. parti, Anand–Topalov, 1–0

Katalansk, Open variant, 5.Sf3, E04

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 d5 4.g3 dxc4 5.Lg2 Lb4+ 6.Ld2 a5 7.Dc2 Lxd2+ 8.Dxd2!? c6 9.a4 b5 10.Sa3! Ld7 11.Se5 Sd5 12.e4! Sb4 13.O-O O-O 14.Tfd1 Le8 15.d5! Dd6 16.Sg4 Dc5 17.Se3 S8a6?! 18.dxc6 bxa4 19.Saxc4 Lxc6 20.Tac1 h6?! 21.Sd6 Da7? 22.Sg4! Tad8 23.Sxh6+!! gxh6 24.Dxh6 f6 25.e5! Lxg2 26.exf6 Txd6 27.Txd6 Le4 28.Txe6 Sd3 29.Tc2 Dh7 30.f7+! Dxf7 31.Txe4 Df5 32.Te7 1–0

10.Sa3! er eit sterkt nytt trekk i denne stillinga. Anand ynskjer å utvikle brikkene, utan å vinne tilbake bonden. For å beskytte og behalde bonden må svart plassere brikkene dårlege posisjonar.

15.d5! Anand er klar, og startar angrepet.

21. ... Da7? Ein avgjerande feil. Dronninga er trygg, men kongen er ikkje. 21...Dg5! var det siste høvet til å kunne yte motstand. Anand fann raskt det rette svaret, med 22.Sg4! som startar det avgjerande angrepet på den svarte kongen.World Chess Championship – Game four 28. april 2010 ChessBase.com, vitja 23. juli 2010

5. parti, Topalov–Anand, ½–½ Slavisk forsvar, D17

1.d4 d5 2.c4 c6 3.Sf3 Sf6 4.Sc3 dxc4 5.a4 Lf5 6.Se5 e6 7.f3 c5 8.e4 Lg6 9.Le3 cxd4 10.Dxd4 Dxd4 11.Lxd4 Sfd7 12.Sxd7 Sxd7 13.Lxc4 a6 14.Tc1 Tg8 15.h4 h5 16.Se2 Ld6 17.Le3 Se5 18.Sf4 Tc8 19.Lb3 Txc1+ 20.Lxc1 Ke7 21.Ke2 Tc8 22.Ld2 f6 23.Sxg6+ Sxg6 24.g3 Se5 25.f4 Sc6 26.Lc3 Lb4 27.Lxb4+ Sxb4 28.Td1 Sc6 29.Td2 g5 30.Kf2 g4 31.Tc2 Td8 32.Ke3 Td6 33.Tc5 Sb4 34.Tc7+ Kd8 35.Tc3 Ke7 36.e5 Td7 37.exf6+ Kxf6 38.Ke2 Sc6 39.Ke1 Sd4 40.Ld1 a5 41.Tc5 Sf5 42.Tc3 Sd4 43.Tc5 Sf5 44.Tc3 ½–½Remis då stillinga oppstod for tredje gong.

Anand gjentok den slaviske varianten som han forsvarte seg med i det tredje partiet. Han avveik med 15...h5 for å unngå at kvitfeltsløparen vart sperra inne. Då Anand tenkte på sitt 17. trekk forsvann straumen i spelelokalet i tretten minutt. Arrangøren orsaka dette etterpå, grunnen var ein feil i straumsystemet i sentrum av Sofia.

6. parti, Anand–Topalov, ½–½ Katalansk, ope forsvar, E03

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sf3 d5 4.g3 dxc4 5.Lg2 a6 6.Se5 c5 7.Sa3 cxd4 8.Saxc4 Lc5 9.O-O O-O 10.Lg5 h6 11.Lxf6 Dxf6 12.Sd3 La7 13.Da4 Sc6 14.Tac1 e5 15.Lxc6 b5 16.Dc2 Dxc6 17.Scxe5 De4 18.Dc6 Lb7 19.Dxe4 Lxe4 20.Tc2 Tfe8 21.Tfc1 f6 22.Sd7 Lf5 23.S7c5 Lb6 24.Sb7 Ld7 25.Sf4 Tab8 26.Sd6 Te5 27.Sc8 La5 28.Sd3 Te8 29.Sa7 Lb6 30.Sc6 Tb7 31.Scb4 a5 32.Sd5 a4 33.Sxb6 Txb6 34.Sc5 Lf5 35.Td2 Tc6 36.b4 axb3 37.axb3 b4 38.Txd4 Txe2 39.Txb4 Lh3! 40.Tbc4 Td6 41.Te4 Tb2 42.Tee1 Tdd2 43.Se4 Td4 44.Sc5 Tdd2 45.Se4 Td3 46.Tb1 Tdxb3 47.Sd2 Tb4 48.f3 g5 49.Txb2 Txb2 50.Td1 Kf7 51.Kf2 h5 52.Ke3 Tc2 53.Ta1 Kg6 54.Ta6 Lf5 55.Td6 Tc3+ 56.Kf2 Tc2 57.Ke3 Tc3+ 58.Kf2 Tc2 ½–½Remis då same stillinga oppstod tre gongar.

22.Sd7 Anand startar den lengste rekkja med springartrekk sett i nokon VM-kamp.

Med 39. ... Lh3! stoppar Topalov alle Anand sine vinstsjansar i partiet.Draw, Anand Leads 3.5-2.5 at Halftime 1. mai 2010 ChessBase, vitja 23. juni 2010

7. parti, Anand–Topalov, ½–½