Svartsnær er ei novellesamling av Ingeborg Refling Hagen som kom ut i 1921 på Steenske forlag i Oslo. Novellesamlinga var den andre Hagen fekk utgjeve.
Innhald
Samlinga inneheld fire noveller av ulik lengd, som skildrar livet på bygdene ved Mjøsa. Dei fire novellene er:
«Skårbrok», som skildrar trette under skuronna, og er mykje av ei miljøskildring med sosialt tilsnitt. «Eiterkveise», ei lita forteljing om to born som er einsame på ein husmannsplass ein sommardag, og korleis dei tergar kvarandre. «Svartsnær», tittelnovella i samlinga, ei skildring av legdsjenta Gunhild, som blir sett bort til ein storgard og slepper vitet. «Rau'e Århanen spelle», ei skildring av skogangst og døkke drifter hjå to ungjenter.
Stilistisk skuldar desse forteljingane mykje til Hans E. Kinck. Særskilt dei to siste er meir psykologiske i tonen, og skildrar det undermedvetne i menneskehugen.
I tre av novellene kjem det inn ei jente som er kalla «Raufjøringen fra Angerset». Ho er og hovudpersonen i Eiterkveise. Denne jenta er bestemor til Ingeborg Refling Hagen, Johanne Angelset frå Ringsaker.
Kategori:Bøker frå 1921 Kategori:Ingeborg Refling Hagen