Johan Henrik Rye () var ein norsk jurist og politikar.

Rye var fødd i Bø i Telemark. Folketeljinga 1801 viser at han og ein eldre bror då losjerte hos ein lærar på katedralskulen i Kristiania. Tre år seinare gjekk han ut frå katedralskulen som student. År 1808 vart han fenrik ved marineregimentet i København. Han tok eksamen ved krigsskulen i 1809 og juridisk embetseksamen 1812. Frå 1809 til 1814 var han premierløytnant ved Københavns infanteriregiment; han vart då innvilga avskjed som dansk offiser.

Same året, 1814, vart han auditør ved Fredriksvern verft. Frå 1816 var han ekspedisjonssekretær i marinedepartementet, frå 1822 i finansdepartementet.

Rye vart byfut og sorenskrivar i Larvik i 1828. Deretter amtmann i Jarlsberg og Larvik amt frå 1831 til 1833. Etter dette var han høgsterettsassessor. I 1844 var han med å stifte Den norske livrenteforening, laga sjølv planen.

Rye var medlem av fleire kongelege kommisjonar. Den fyrste var ein om formannskapslova, 1833-34. Lengst sat han i lovkommisjonen, 1835-43, i den tida var han permittert frå høgsterett. Elles var han med og såg på den militære straffelova (1858), embetsverket for Kristiania (1858), og ei pensjonslov (1852). I den siste kommisjonen var han formann.

Rye vart vald til Stortinget frå Christiania i 1836, gjenvald både i 1839, 1842 og 1845. 1836 var han president i Lagtinget, 1836-37 var han stortingspresident saman med Søren Anton Wilhelm Sørenssen. På alle fem stortinga var han formann i budsjettkomiteen og medlem av Lagtinget. I 1845 var han medlem av riksretten. Mangeårig, 1837-66, medlem av bystyret for Kristiania.

Perioden 1844 til 1866 var Rye byskrivar i Kristiania.

I 1847 vart Rye utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, i 1864 kommandør av same. Han vart også tildelt den danske Dannebrogordenen og den svenske Nordstjerneordenen.

Han døydde i Kristiania i 1868. Mathias Rye var sonen hans, Olaf Rye var bror hans.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Stortingspresidenter – stortinget.no

Fotnotar

Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Vestfold Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Folk frå Bø i Telemark