mini|Christiania Fusel & Blaagress i Larvik i 2008. Christiania Fusel & Blaagress er ei norsk musikkgruppe som speler bluegrassinspirert folkrock med eit komisk tilsnitt. Gruppa blei starta i februar 1968 av ei gruppe som kjende kvarandre frå Dolphins viseklubb i Oslo. Ho gav berre ut éin singel og eitt album, men har halde fleire konsertar.
Dei første medlemmene, som spelte inn singelen «Det kjem nok betre tider» / «Mamma vi’kke ha», var:
Kari Svendsen (banjo, tuba/baryton) Gerd Gudding (fele) Anne Elisenberg (fele, vaskebrett) Fredrik Wibe (bass, vaskebaljebass) Kåre Schanche (gitar) Øystein Sunde (gitar, mandolin)
Musikarane som var med på albumet Som varmt hvetebrød i tørt gress var:
Anne Elisenberg - banjo Einar Mjølsnes - fele, hardingfele Fredrik Wibe - bass, vaskebaljebass Wiggo Elisenberg - gitar, klarinett, vaskebrett Øystein Sunde - akustisk og el-gitar, dobro, steel guitar og mandolin
Albumet var det første der ein brukte hardingfele saman med elektrisk gitar. Gruppa si tolking av «Fanitullen» blei særleg godt kjend.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Christiania Fusel & Blaagress» frå , den 15. mai 2010.
Historie ved spinner.no Christiania Fusel & Blaagress ved myspace.no
Bakgrunnsstoff Historie ved spinner.no Christiania Fusel & Blaagress ved myspace.no
Kategori:Norske musikkgrupper Kategori:Folkrockgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1968