Gary Alexis Medel Soto () er ein chilensk fotballspelar som i 2018 spela for Beşiktaş i den tyrkiske toppdivisjonen, og for det chilenske landslaget.
Medel vart kåra til årets fotballspelar i Chile i 2008. Han debuterte for Chile sitt A-landslag i 2007 i ein 0-0-kamp mot Argentina. I den første VM-kvalifiseringskampen sin for Chile, mot Bolivia 15. juni 2008, der han spelte i forsvar, skåra han to mål. I 2015 og 2016 var han med på å vinna Copa América med Chile.
Gary Medel er også kjent for å ta 200 kg i benkpress, og for å ha spelt i den spanske klubben Sevilla.
Kategori:Chilenske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Cardiff-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Besiktas-spelarar