Fylkesveg 55 (Fv55) går mellom Vadheim i Høyanger og Dragsvik i Sogndal og mellom Stedje i Sogndal og Lom. Strekninga mellom Lom og Gaupne er nasjonal turistveg Sognefjellet. Veglengda er 248,1 km, av dette 52,6 km i Innlandet og 195,5 km i Vestland.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trødde i kraft fekk han status som fylkesveg, bortsett frå stamvegstrekninga mellom Stedje og Hella ferjekai. Denne strekninga heldt fram som Riksveg 55 til 2019, då han vart del av Riksveg 13.

Over Sognefjellet passerer i gjennomsnitt 600 køyretøy i døgnet dei månadane vegen er open. I juli er trafikken oppe i 1100 og i september nede i 300 køyretøy i døgnet.Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer

Turistvegen Vegen går hovudsakleg i retning nordaust–sørvest og følgjer dalføret mellom Breheimen og Jotunheimen. Han forlet Rv15 nær Lom stavkyrkje og følgjer Bøverdalen til Røysheim og vidare opp Leirdalen og Breiseterdalen til Krossbu og Sognefjellshytta (1410 moh) der Fantesteinen markerer det høgaste punktet på vegen. Frå her går vegen vidare over Sognefjell til Turtagrø og vidare ned Bergsdalen og Fortunsdalen til Skjolden og vidare langs nordsida av Lustrafjorden til Gaupne.

I tillegg er traséen mellom Dragsviki og Balestrand del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet, sjå Fylkesveg 613.

Vegen vidare Vegen forlet Gaupnefjorden i retning sørvest og passerer Hafslo og Sogndal, vidare langs nordsida av Sogndalsfjorden og Sognefjorden forbi Hermansverk og Leikanger til Hella og med ferje over Fjærlandsfjorden. Han følgjer nordsida av Sognefjorden vidare vestover frå Dragsvik og Balestrand til Lånefjorden, frå der går han i tunnel til Høyanger og vidare langs Sognefjorden igjen til Vadheim der han møter E39.

Kommunar og knutepunkt

mini|Fylkesveg 55 ved Fantesteinen Fossbergom (Lom) Lom stavkyrkje Flå bru (ca. 80 m) frå Flå bru til Lom Prestegard (9,0 km) Flåklypa Røysheim → veg til Spiterstulen Galdesand → Privat veg til Juvasshytta, 1850 moh., med Galdhøpiggen frå Leira bru til Kvandalsvoll (5,4 km) Vegasjelet → veg til Leirvassbu Vinterbom, Vegasjelet, open til Turtagrø frå 1. mai Det høgaste punktet, Fantesteinen, 1434 moh.

mini|Fylkesveg 55 ved Turtagrø

Turtagrø Vinterbom Privat bomveg → Tindevegen til Åbøle (vinterstengd) til Øvre Årdal Fortun → Fortunsdalen til Bjørk (6,3 km) Fortun kyrkje Skjolden → Sørsidevegen til Ornes Feigefossen Urnes stavkyrkje Skjolden (Hauge bru) → Mørkridsvegen til Mørkrid (5,7 km) Gullringtunnelen (1,2 km) Ottatunnelen (572 m) Luster Dale kyrkje Råumtunnelen (514 m) Nes kyrkje Gaupne → Jostedalsvegen til Jostedalen Røneidtunnelen (656 m) Marifjøra til Eikum Geitaneset til Lambhaug og Ugulen (3,9 km) Ugulen til Lambhaug og Geitaneset Kjos → Hafslovegen til Hafslo og Veitastrond (34,0 km) mini|Hafslovatnet. Solvorn ligg nedst i dalen i midten Solvorngalden → Solvornvegen til Solvorn (3,2 km) → Solvorn-Ornes → Ornes → Urnes stavkyrkje Stupshølen tunnel (77 m)

Årøytunnelen (405 m) Sogndal Nes → Mannhellervegen til Kaupanger, Lærdalsøyri og Håbakken felles trasé til Stedje Hovslund → Fjørevegen til Sogndalsfjøra → Dalavegen til Selseng (18,9 km) Stedje felles trasé til Dragsvik ferjekai mini|Kvinnefossen ligg ca. 2 km aust for Hella ferjekai Stedjebergtunnelen (2100 m) Ølmheim kyrkje Fatlatunnelen (2250 m) Hermansverk Njøs → Njøsavegen til Sæberg Leikanger kyrkje Leikanger → Husabøvegen → Veten → Valbrekkevegen → Holene → Eggjavegen → Hella ferjekai → Hella-Vangsnes → Vangsnes til Voss Hella-Dragsvik (10 min, 1-2 turar/time) Dragsvik ferjekai felles trasé til Dragsviki Dragsviki → Nasjonal turistveg Vikane til Gaularfjellet, Gaular og Moskog Tjugum kyrkje Balestrand Strondi vegkryss Vegarm til Balestrand sentrum (0,5 km) Norsk Reiselivsmuseum Kvikne hotell Endepunkt Balestrand ferjekai Kræklingen tunnel (337 m) Tussviktunnelen (520 m) Kongsnestunnelen (245 m) Høyangertunnelen (7543 m)

Høyanger Kvernhaugtunnelen (1334 m) Hovdetunnelen (1283 m) Nordeide → Kommunal veg til Nordeide ferjekai (0,2 km) → Nordeide-Måren-Ortnevik(-Vik), bilførande båtsamband, sjå Skyss → Ortnevik ferjekai → Vikøyri kai Kyrkjebø Vadheimstunnelen (1658 m) Endepunkt Vadheim

Referansar

Bakgrunnsstoff

Ferjeinfo Hella-Dragsvik Fotos taget langs RV55, især oppe på Sognefjellet

Kategori:Primære fylkesvegar

Kategori:Fylkesvegar i Oppland

Kategori:Nasjonale turistvegar Kategori:Vegar i Lom Kategori:Vegar i Luster Kategori:Vegar i Sogndal Kategori:Vegar i Høyanger