Nils Christian Nilsen () var ein dansk-norsk embetsmann og stortingsmann.

Nilsen var fødd i Hjørring på Jylland i Danmark, der faren var hattemakar. I ung alder reiste han til Noreg og vart i 1795 eksaminatus juris. To år seinare vart han prokurator og kunne utøve yrket sitt ved alle overrettar i det sønnafjellske Noreg.

År 1804 eller -05 vart Nilsen konstituert overbirkedommar, overinspektør og auksjonsforvaltar i Jarlsberg grevskap. 1819-21 fungerte han som amtmann for grevskapet, i 1822 vart han birkedommar der.

Nilsen var 1. representant på Stortinget frå Jarlsberg grevskap i 1815-16 og 1818. I 1815-16 var han sekretær i Lagtinget og medlem av elleve komitear. Mellom dei komiteane han var medlem av finn ein om odelslova, om matrikkellova, vernepliktslova og lov om pengestellet. Også 1818 var han sekretær i Lagtinget, samt medlem av ti komitear. Også i 1821 vart Nilsen vald som 1. representant, men sa seg fri. På nytt stortingsmann i 1827, 1828 og 1830. Han var medlem av Lagtinget i 1827 og 1828. I 1827 var han formann i komiteen om borgarvæpninga, i 1828 formann i komiteen om statens pantegods. På tinget i 1830 var han formann i bankkomiteen. Nilsen var medlem av riksrettane 1815-16 og 1827.

Han døydde i Sem i Vestfold (Jarlsberg grevskap) i 1842.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Nordmenn av dansk opphav Kategori:Folk frå Hjørring