Mourad Meghni () er ein fransk fotballspelar. Han har algerisk far og portugisisk mor og har spela for det algeriske landslaget. Han spelte på aldersbestemte landslag for Frankrike, og var med på å vinna U17-VM med Frankrike i 2001. Han spelte fleire kvalifiseringskampar for Algerie før fotball-VM i 2010, men gjekk glipp av sjølve meisterskapen grunna skade.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Algeriske fotballspelarar Kategori:Bologna-spelarar Kategori:Sochaux-spelarar Kategori:Lazio-spelarar