Arnoldus von Westen Sylow Koren () var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.
Koren var fødd i Bergen, der far hans var kjøpmann. Sjølv vart han student frå katedralskulen i byen i 1784, og cand. jur. i 1789. Same året byrja han som volontør i det danske rentekammeret i København. År 1795 vart han sorenskrivar i vestre Råbyggelaget, fire år seinare fekk han tilsvarande embete i Hardanger og Voss. I tillegg til dette embetet var han birkedommar på godset Lyse kloster og frå 1818 på godset Rosendal.
I 1814 var Koren utsending frå Søndre Bergenhus på riksforsamlinga på Eidsvoll, han slutta seg til sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Fredrik. Han var representant for amtet på det overordentlege storting 1814 og Stortinget 1818. I 1814 var han medlem av Lagtinget og av undersøkingskomiteen. Fire år seinare var han medlem av Lagtinget og av 12 komitear. I fire av komiteane var han formann, som komiteen om skattelova av 1816, om fyr- og merkevesen, om skysslova og om nasjonalfargen og «overdaadighet».
Koren tok avskjed frå embeta sine i 1840, og døydde på prestegarden i Ullensvang i 1854.
Kjelder
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Bergen