Djibril Cissé () er ein fransk fotballspelar som har spela for Lazio i italiensk Serie A, og for det franske landslaget. Foreldra hans immigrerte til Frankrike frå Elfenbeinskysten. Cissé vart seriemeister i Hellas med Panathinaikós i 2010 og vann den europeiske Meisterligaen med Liverpool i 2005. Han vart toppskårar i fransk Ligue 1 i 2002 og 2004, då han spelte for Auxerre, og toppskårar i den greske ligaen i 2010. I 2002 vart han kåra til årets unge spelar i Frankrike. Han debuterte for det franske A-landslaget 18. mai 2002 i ein kamp mot Belgia.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Panathinaikos-spelarar Kategori:Lazio-spelarar