Carsten Balthazar Conradi () var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Conradi var fødd i Fredrikshald, der far hans var postmeister. Student vart han i 1822 og cand. jur. i 1827. Han var tilsett i justisdepartementet frå 1825 til -29, deretter auditør i artilleribrigaden i fire år. Frå 1833 var han assessor i Bergens stiftsoverrett, byfut i Bergen frå 1839. Sidan 1848 var han sorenskrivar i Lier.

Conradi representerte Bergen på Stortinget i 1836, på overordentleg storting 1836-37, og i 1839. I 1836 var han sekretær i kriminallovkomiteen og medlem av justiskomiteen, 1836-37 medlem av kriminallovkomiteen. Han var i 1839 sekretær i Lagtinget, formann i traktatskomiteen og sekretær i komiteen om brannvesenet i byane.

Han døydde i Drammen i 1862.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Folk frå Halden