Iver Hesselberg () var ein norsk prest og stortingsmann.
Hesselberg var fødd i Drammen, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1796 og cand. theol. i 1804. Frå 1805 var han personalkapellan hos faren i Spydeberg, deretter sokneprest i Grue frå 1813 til 1834. Han var til stades i Grue kyrkje då ho brann ned, fyrste pinsedag i 1822. Frå 1834 til han døydde var han sokneprest i Aker.
I 1839 var Hesselberg 3. representant på Stortinget frå Akershus amt. Han var medlem av kyrkjekomiteen.
Hesselberg døydde i Aker i 1844.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Drammen