Claus Steffensen Jervell () var ein norsk kjøpmann, meklar og stortingsmann frå Molde.
Jervell var son av ein kjøpmann i Molde. Han var sjølv kjøpmann i heimbyen i mange år, heilt til han gjekk konkurs. Flytta kring 1858 til Trondheim, der han dreiv som skipsmeklar.
I 1857 møtte Jervell som representant for Ålesund og Molde på Stortinget, var sekretær i protokollkomiteen. Han møtte ikkje på Stortinget i 1858, då boet hans var under handsaming i skifteretten.
Jervell døydde i Trondheim i 1867, båra vart ført til Molde og gravlagd der.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Folk frå Molde