Østen Olsson Ovren () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Gausdal i Oppland.
Han var fødd på garden Ovren i Østre Gausdal, der faren var gardbrukar. I 1802 overtok han farsgarden og dreiv denne sidan. Han var i mange år med i forlikskommisjonen, og var i 1838-39 den fyrste ordføraren i kommunen.
Ovren representerte Christians amt (Oppland) på Stortinget i 1815-16, 1821, 1822 og 1833. I 1815-16 var han medlem av tre komitear, mellom dei om land-, skog- og bergvesen, samt kongetiend i Østerdalen. Også medlem av tre komitear i 1821, om fengselslova og om glasverk. I 1833 var han medlem av Lagtinget og næringskomiteen.
Han døydde på garden sin i 1843.
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Gausdal