Hans Øvergaard () var ein norsk offiser, stortingsrepresentant og Elverums første ordførar.
Øvergaard var fødd på Gårder i Elverum, far hans var gardbrukar. Sjølv vart han i 1812 offiser. Frå 1814 var han i 1. bergenhusiske regiment, der han i 1816 vart premierløytnant. Som eit resultat av omorganiseringa av hæren i 1818 vart han overført til 1. akershusiske brigade. År 1823 vart han adjutant ved østerdalske jegerkorps, i realiteten ein slags veginspektør for Østerdalen. Han vart i 1837 forfremja til kaptein.
Øvergaard representerte Hedmark på Stortinget frå 1833 til 1839. I 1833 var han medlem av komiteen gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen, 1836 og 1836-37 var han sekretær i militærkomiteen, medan han i 1839 var sekretær i veglovskomiteen og medlem av protokollkomiteen. Øvergaard vart i 1837 vald til Elverums første ordførar.
Øvergaard døydde kring middagstid den 17. mai 1840 under saluttering frå Kristianfjell skanse. Han bemanna salutteringskanonen då ho eksploderte og drap han.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Elverum Kategori:Norske offiserar Kategori:Ulukkesdødsfall Kategori:Folk frå Elverum