Dire Straits var eit britisk rockeband som vart skipa i 1977 av Mark Knopfler (solovokal og sologitar), den yngre broren hans David Knopfler (rytmegitar og korvokal), John Illsley (bassgitar og korvokal) og Pick Withers (trommer og perkusjon). Musikkstilen til Dire Straits kom frå ei rekkje inspirasjonskjelder, som jazz, folk og blues, og kom nærast beatmusikk og klassisk rock. Trass i at gruppa vart danna i ein periode då punkrock regjerte, stod den dempa stilen til bandet i kontrast til punken, og utvikla ein stil med røter i pubrock. Mange av komposisjonane til Dire Straits var melankolske.Dire Straits: Biography Allmusic Henta 14. september 2014 Det mestseljande albumet til Dire Straits, Brothers in Arms, har seld over 30 millionar eksemplar, og var det første albumet som selde meir enn 1 million eksemplar på CD.Mark Knopfler hurt in crash BBC. Henta 14. september 2014.

Dei vart òg eit av dei mestseljande banda i verda og selde over 120 millionar album verda over.Dire Straits given plaque honour BBC News Henta: December 2010. Dire Straits vann fleire musikkprisar i løpet av karrieren, mellom anna Grammyprisar, tre Brit Award og to MTV Video Music Award. Dei mest populære songane til bandet er mellom andre «Sultans of Swing», «Lady Writer», «Romeo and Juliet», «Tunnel of Love», «Telegraph Road», «Private Investigations», «Money for Nothing», «Walk of Life», «So Far Away», «Your Latest Trick» og «Brothers in Arms».

I følgje Guinness Book of British Hit Album, har Dire Straits lege over 1100 veker på albumlista i Storbritannia, det femte høgaste nokon gong.Gibson, Owen. «Queen most loved band». The Guardian. Henta 14. september 2014 Karrieren deira varte i 15 år. Dei vart opphavleg oppløyst i 1988, men kom saman att i 1991, før dei vart oppløyst for godt i 1995 då Mark Knopfler lanserte solokarrieren sin for fullt. Det var fleire endringar i besetninga i bandet i løpet av karrieren, og til slutt var berre Mark Knopfler og John Illsley som var med frå start til slutt.

Historie

1977–1979: Tidlege år og dei to første albuma mini|upright=1.25|Den originale Dire Straits-besetninga i Hamburg i Tyskland (1978) V til H: Illsley, Mark Knopfler, Withers, David Knopfler.

Brørne Mark og David Knopfler, og venene John Illsley og Pick Withers skipa bandet i 1977.Peter Buckley (2003) The rough guide to rock, s. 297. Henta: 14. september 2014. I 1977 spelte Dire Straits (eit namn bandet fekk av ein musikar trommeslagaren Pick Withers delte leiligheit med) inn ein demo på fem songar, som inneheldt den framtidige hitsingelen, «Sultans of Swing», i tillegg til «Water of Love», «Down to the Waterline», «Wild West End» og David Knopfler sin «Sacred Loving». Dei tok lydbandet til Charlie Gillett, som hadde eit radioshow kalla «Honky Tonk» på BBC Radio London. Bandet ønskte berre gode råd, men Gillett likte musikken så mykje at han spelte «Sultans of Swing» på showet sitt. To månader seinare fekk Dire Straits platekontrakt med Phonogram Records. I oktober 1977 spelte bandet inn ein ny demo med «Southbound Again», «In the Gallery» og «Six Blade Knife» for BBC Radio London; og i november vart det laga demo av «Setting Me Up», «Eastbound Train» og «Real Girl».

Debutalbumet til gruppa, Dire Straits, vart spelt inn i Basing Street studio i Vest-London i februar 1978, og kosta 12 500 pund. Det var produsert av Muff Winwood, og fekk liten marknadsføring i starten då det kom ut i Storbritannia på Vertigo Records, som då var ei avdeling under Phonogram, og vart ikkje godt motteke. Albumet vart lagt merke til av A&R-representanten Karin Berg, som arbeidde for Warner Bros. Records i New York City. Ho følte at dette var ein type musikk publikum var svolten for, men berre ein person i avdelinga hennar var først samd i dette. Mange av songane handla om opplevingar Mark Knopfler hadde i Newcastle, Leeds og London. «Down to the Waterline» handlar om livet i Newcastle; «In the Gallery» er ei hyllest til biletkunstnaren Harry Phillips frå Leeds (far til Steve Phillips); «Wild West End» og «Lions» handla om den første tida til Knopfler i hovudstaden.Peter Frame (1999) Pete Frame's rockin' around Britain: rock'n'roll landmarks of the UK and Ireland, s. 182. Music Sales Group. Henta: 14. september 2014.High fidelity, Volume 29, Issues 1–6, s. 102. Audiocom, 1979.

Same året byrja Dire Straits å turnere som oppvarmingsband for Talking Heads etter at nyutgjevinga av «Sultans of Swing» omsider byrja å klatre oppover singellistene i Storbritannia.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album. London: Guinness World Records Limited Dette førte til platekontrakt i USA med Warner Bros. Records, og mot slutten av 1978 hadde Dire Straits gjeve ut debutplata verda over. Dei fekk mykje merksemd i USA, men nådde òg toppen av albumlista i Canada, Australia og New Zealand. Dire Straits gjekk etter kvart inn på topp 10 i alle europeiske land.

Året etter la bandet ut på den første turneen sin i Nord-Amerika. Dei spelte 51 utselde konsertar i løpet av 38 dagar.Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). «Rock stars encyclopedia» s.229. Henta 14. september 2014 «Sultans of Swing» nådde fjerdeplassen i USA og åttandeplassen i Storbritannia.Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books Songen var ein av dei største hittane til Dire Straits og vart fast på konsertane deira. Bob Dylan, som hadde sett bandet spele i Los Angeles, var så imponert at han inviterte Mark Knopfler og trommeslagaren Pick Withers til å spele på det neste albumet sitt, Slow Train Coming.Patrick Humphries, Absolutely Dylan s. 213. Viking Studio Books, 1991.

Innspelinga for det andre albumet til gruppa, Communiqué, fann stad i desember 1978 i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas. Det kom ut i juni 1979,, var produsert av Jerry Wexler og Barry Beckett og nådde toppen av den tyske albumlista, medan debutalbumet Dire Straits samstundes låg på tredjeplassen. I Storbritannia nådde albumet femteplassen på albumlista. Med singelen «Lady Writer» fortsette det andre albumet i same stil som et første, og Knopfler utvida rekkevidda av tekstane sine på opningssporet «Once Upon a Time in the West». I det komande året byrja stilen å endre seg, i lag med besetninga i gruppa.

1980–1984: Større musikalsk kompleksitet og tidleg suksess mini|Mark Knopfler og Hal Lindes

I 1980 vart Dire Straits nominert til to Grammyprisar for beste debutant og beste rockesong av ei gruppe for «Sultans of Swing». I juli 1980 starta bandet innspelinga for det tredje albumet. Produsenten Jimmy Iovine hjelpte Mark Knopfler med produksjonen og Making Movies kom ut i oktober 1980. Under innspelinga gjekk kranglinga mellom Mark og David Knopfler ut over bandet, og David Knopfler slutta etter usemje om den musikalske retninga for å starte ein solokarriere. Han vart ikkje omtalt på plateomslaget. Innspelinga heldt fram med Sid McGinnis på rytmegitar og klaverspelaren Roy Bittan frå Bruce Springsteen sitt E Street Band. Etter innspelinga var over vart Alan Clark og gitarist Hal Lindes frå California med i Dire Straits som fulltidsmedlemmar for turneane i Europa og Nord-Amerika.

Making Movies fekk stort sett positiv kritikk og inneheldt lengre songar med meir komplekst arrangement, ein stil bandet skulle halde seg til resten av karrieren. Albumet inneheld nokre av dei mest personlege songane til Knopfler. Den mest suksessrike singelen var «Romeo and Juliet» (åttandeplassen på UK singles chart), ein song om eit mislukka kjærleiksforhold, og det vart eit kjennemerke for Knopfler å skrive personlege songar under fiktive namn.(accessed 4 March 2008) Mark Knopfler . The Biography Channel Sjølv om han aldri vart gjeven ut som ein hitsingel, vart «Solid Rock» framført på alle konsertane til Dire Straits frå den tida til dei slutta, medan det lange opningssporet, «Tunnel of Love», med introen «The Carousel Waltz» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II, vart nytta i filmen An Officer and a Gentleman. Sjølv om «Tunnel of Love» berre nådde 54. plassen på UK Singles Chart då han vart gjeven ut på singel i 1981, har han vorte ein av dei mest kjende og populære songane til Dire Straits og ein umiddelbar konsertfavoritt. Making Movies låg på den britiske albumlista i fem år og nådde fjerdeplassen på det høgaste.Hoffmann, Frank W. Encyclopedia of Recorded Sound, Volume 1, s. 295. Routledge, 2005.

Det fjerde studioalbumet til Dire Straits, Love Over Gold, er eit album med lange, eksperimentelle passasjar med Alan Clark på piano og klaverinstrument. Det vart godt motteke då det kom ut i september 1982, og selde til gullplate i Amerika og låg fire veker på toppen av albumlista i Storbritannia. Tittelen var inspirert av ein graffiti som Knopfler såg frå vindauget sitt i den gamle kommunale leilegheita si i London. Frasen var henta frå plateomslaget til eit album av Captain Beefheart. Love Over Gold var det første Dire Straits-albumet som var produsert av Mark Knopfler aleine, og den største hitten på albumet, «Private Investigations», gav Dire Straits den første singelen sin på topp 5 i Storbritannia, der han nådde andreplassen, trass i lengda på nesten sju minuttar. Han vart òg ein populær song på konsertane deira.International who's who in popular music, s. 282. Routledge, 2002.

mini|275px|venstre|Mark Knopfler og Lindes, i juni 1981.

I andre delar av verda var hovudsingelen frå albumet «Industrial Disease», ein song som handlar om nedgangen i britisk produksjonsindustri tidleg i 1980-åra med fokus på streik, depresjon og dysfunksjonalitet. Singelen gjorde det særleg bra i Canada, der han nådde topp 10. I tillegg til tittelsporet og «It Never Rains», bestod Love Over Gold av den 14 minuttar lange, episke «Telegraph Road». Knopfler hadde òg skrive songen «Private Dancer» for albumet, men denne kom ikkje med der og vart etter kvart gjeven til Tina Turner for comebackalbumet hennar med same namn. Love Over Gold selde visstnok over to millionar eksemplar dei seks første vekene etter det kom ut. Kort tid etter utgjevinga av Love Over Gold, slutta trommeslagaren Pick Withers i bandet. Erstatninga Terry Williams, tidlegare i Rockpile og fleire walsiske band som Man.

I 1983 vart det gjeve ut ein fire songar lang EP kalla ExtendedancEPlay, medan Love Over Gold framleis låg på albumlistene. På denne fanst hitsingelen «Twisting By the Pool» som nådde topp 20 i Storbritannia og Canada. Dire Straits la ut på ein åtte månader lang verdsturné for å marknadsføre Love Over Gold, som enda med to utselde konsertar i Hammersmith Odeon i London den 22. og 23. juli 1983. Det doble albumet Alchemy Live bestod av opptak frå desse to konsertane og var visstnok utan ekstra opptak i studio. Det vart miksa i november 1983 og gjeve ut mars 1984. Det nådde topp 3 i Storbritannia.David Drucker (1991) Billboard's Complete Book of Audio Billboard Books Henta: 14. september 2014. Konserten vart òg gjeven ut på VHS og vart nymastra og gjeve ut på DVD og Blu-ray i 2010.

I 1983 og 1984 var Mark Knopfler òg involvert i andre prosjekt utafor bandet. Han skreiv musikk til filmane Local Hero og Cal, som òg vart gjevne ut som album.Local Hero (Original Soundspor) – Mark Knopfler AllMusic Henta: 14. september 2014. I denne perioden produserte òg Knopfler Bob Dylan-albumet Infidels med Alan Clark på klaverinstrument, og tillegg Aztec Camera og Willy DeVille. I 1984 gav John Illsley ut det første soloalbumet sitt, Never Told a Soul, der Mark Knopfler, Alan Clark og Terry Williams bidrog.

1985–1986: Brothers in Arms-tida og internasjonal suksess